Først i desember i fjor opplyste NATO at uranhaldige våpen var brukt i Sarajevo i 1994 og 1995. Det skjedde under press frå den italienske regjeringa etter opplysningar om mystisk kreftdød hjå mange italienske soldatar. Pressetalsmannen i Forsvarets overkommando, brigader Kjell Grandhagen, gjorde sjølv teneste i Sarajevo frå sommaren 1999 til januar 2000. Han seier til BT at han som brigadesjef aldri fekk opplysningar om at uranhaldige våpen var brukt.Han reknar med at det særleg var bosnia-serbiske artilleristillingar rundt Sarajevo som var mål for åtaka. Desse stillingane var plassert i terrenget rundt byen, som er mykje nytta som rekreasjonsområde både av dei fastbuande og hjelpearbeidarar.Mange nordmenn har gjort teneste i dette området sidan krigshandlingane vart avslutta.Opplysningane om bruken av uranhaldige våpen i Sarajevo vart 4. januar i år sendt til Utanriksdepartementet frå den norske NATO-delegasjonen i Brussel. NATO-dokumenta var ugraderte, men den norske NATO-delegasjonen fann likevel grunn til å unnta brevet, datert 4. januar i år, og dokumenta som er utarbeidd i desember i fjor. Dokumenta vart utarbeidd etter at den italienske NATO-delegasjonen tok saka opp etter instruks frå den italienske regjeringa.Dokumenta er nå likevel frigjevne av Utanriksdepartementet.I brevet frå NATO-delegasjonen framgår det at Italia ynskjer at NATO "bør vurdere mer effektive og åpne måter å dele informasjon om slike sensitive spørsmål på for å ivareta helsen til militært personell i NATO fredsoppdrag".Trass i dette, unntok den norske NATO-delegasjonen sjølv dokumentet frå innsyn.