Kl 9 i morgon tidleg møtest toppdiplomatar frå eit 20-tals land på eit hotell i Oslo. Alle Afghanistans naboland er invitert, inkludert Pakistan, India og Iran. Det same er dei faste medlemmane i FNs tryggingsråd: USA, Kina, Russland, Frankrike og Storbritannia. Også dei regionale stormaktene Saudi-Arabia og Tyrkia pluss Japan står på lista over inviterte, saman med representantar for FN.

Møtet er resultat av langvarig og intens norsk diplomatisk innsats. I to år har norsk UD i det stille arbeidd med å få Afghanistans naboland til å snakke betre saman, og det har vore ei rekkje møte mellom partane. Det norske initiativet har fått Karzai-regjeringa til å be Noreg om nå å ta eit meir formelt ansvar for arbeidet.

— Noreg kjenner den politiske situasjonen i Kabul godt. Samtidig har vi sjølve ikkje regionale interesser. Det gjer oss godt eigna til å ta på oss denne rolla, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap). Saman med politisk direktør i UD og tidlegare Kabul-ambassadør Kåre R. Aas har han vore ein pådrivar i arbeidet.

Isfront Pakistan-USA

Målet er å arbeide fram ei felles plattform for eit regionalt samarbeid mellom Afghanistan og nabolanda. I 32 år har det vore samanhengande krig i Afghanistan. Fleire av nabolanda har vore – og er framleis – tungt involvert. Håpet nå er å få til ei felles forståing for korleis valdsspiralen kan brytast.

Ingen tør seie sikkert om det siste forsøket på norsk fredsdiplomati vil lykkast.

— Eg har ingen illusjonar om at nabolanda skal slutte å bruke Afghanistan til å fremje eigne interesser. Men håpet er at vi med dette kan skape ein kime til styrka samarbeid i regionen, seier Støre.

Møtet i Oslo kjem på eit ekstra vanskeleg tidspunkt. Den siste veka har forholdet mellom USA og Pakistan nådd eit lågmål. USAs forsvarssjef, admiral Mike Mullen, sa sist torsdag at Pakistans etterretningsteneste ISI gav direkte hjelp til opprørarane som nyleg angreip den amerikanske ambassaden i Kabul. Han skulda også Pakistan for ha bidrege til fleire andre angrep i Afghanistan. Karzai-regjeringa skuldar Pakistan for å ha vore involvert i drapet på leiaren for det afghanske fredsrådet, eks-president Burhanuddin Rabbani.

Felles interesser

Fiendskapen mellom Afghanistans naboland har lenge vore eitt av dei største hindra for fred. Pakistan ser Afghanistan som ei viktig brikke i spelet mot erkefienden India, og har pleia tette band til Taliban – trass alliansen dei også har med USA. Iran har også støtta ulike væpna grupper i landet. Prestestyret i Teheran har alltid sett Taliban som ein fiende. Men utsiktene til at USA – eller Store Satan, i offisiell iransk språkbruk – kan få permanente baser i nabolandet, likar dei ikkje.

— Afghanistan har vore ein krossveg med mange konfliktlinjer. Å få aktørane til å møtest for drøfte felles interesser er eit stort steg. Det har vi fått til, seier Støre.

Då utanriksministeren gjorde greie for regjeringas Afghanistan-politikk i Stortinget i april, sa han at "Sør-Asia er den minst integrerte region i verden. Det foreligger ikke gode nok mekanismer som kan engasjere og ansvarliggjøre nabolandene. Ustabiliteten i Afghanistan kan verken løses av afghanerne eller FN og NATO alene."

Første drøftingar Iran-USA

Den afghanske regjeringa skal tidlegare ha signalisert at dei ønskjer eit organ etter modell av Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE). Ingen av diplomatane Bergens Tidende har snakka med trur dette er realistisk. Men dei håpar det går an å få etablert eit lausare samarbeid der felles problem kan drøftast.

Norsk UD har sørgd for at samtalane hittil ikkje har vorte offentleg kjent. Dei har skjedd både i Oslo, Dubai og Istanbul – det siste i Dubai i september. For fleire av statane er det sensitivt å setje seg ned ved same bord som erkefienden for å drøfte så viktige spørsmål. Det gjeld blant anna Iran og USA. Ved å byrje med uformelle drøftingar, utan merksemd frå media og utan offisiell dagsorden, meinte nordmennene det ville vere lettare å få i gang ein prosess.

— Å kome i gang med slik arbeid er enklare i diskresjon enn i fullt rampelys, seier Støre.

Av same grunn inviterte dei i starten også akademikarar og andre som stod friare til å drøfte moglege løysingar. Etter kvart har diplomatar frå USA og Iran sete ved same bord, på norsk initiativ. Det skal vere første gong offisielle representantar for dei to landa har drøfta Afghanistan direkte med kvarandre.

— Eg registrerer at det skjer. Det er ein viktig føresetnad for å kome vidare, seier Støre.

Taliban har ikkje vore invitert med. Forhandlingane med dei skjer i afghansk og amerikansk regi.

Håp om formelt vedtak

Fredagens møte i Oslo er det første offisielle i prosessen. Berre representantar for dei ulike statane er invitert. Kvart land får ha to personar i rommet. I tillegg til to arbeidsøkter skal det vere ein arbeidslunsj. Eit oppfølgingsmøte er planlagt i Kabul i oktober.

Møta i Oslo og Kabul er ein del av oppkjøringa til ein stor Afghanistan-konferanse som skal haldast i Istanbul 4.–6. november. Vertskap for denne er Afghanistan og Tyrkia. Det er desse to landa som har bedt Noreg om å vere tilretteleggjar for formelle samtaler. Målet er å få til eit forpliktande vedtak om samarbeid i Istanbul.

Seinare i haust, i desember, skal det haldast eit stort toppmøte om Afghanistan i Bonn. Der skal meir enn 1000 utsendingar frå 90 nasjonar drøfte Afghanistans framtid. Det skjer ti år etter at den første Bonn-konferansen utpeikte Hamid Karzai som Afghanistans leiar, hausten 2001, etter at Taliban-styret var styrta med den amerikanske invasjonen.

Sei kva du meiner i kommentarfeltet under!