I går vart faren for ein Irak-krig hovudtema under spontanspørjetimen i Stortinget.

Mange politikarar frå ulike parti gav i går uttrykk for at dei er «skremd av krigsretorikken og krigslogikken til Bush». Dei er redde for at det uvegerleg vil føre over i krig, rett og slett av di Bush ikkje må tape ansikt.

— Eg har vanskeleg for å sjå kva slags svar Bush kan få som gjer det mogeleg å trekkje alle soldatane heim utan at Saddam Hussein er fjerna, seier SV-leiar Kristin Halvorsen til BT.

«Siste utveg»

I stortingssalen stod Bondevik og Ap-leiar Jens Stoltenberg saman om korleis Noreg skal handtere saka vidare.

Dei står saman om at Noreg må vente med å meine noko om ein eventuell krig mot Irak til etter at tryggingsrådet i FN har behandla saka på ny på grunnlag av rapporten frå våpeninspektørane.

Både Bondevik og Stoltenberg er samde om at det heller ikkje er automatikk i at Noreg skal delta i ein krig sjølv om tryggingsrådet kjem til at Irak har masseutryddingsvåpen, og det i neste omgang blir gjort vedtak om å gå til krig.

Då meiner dei Noreg må gjere ei ny, sjølvstendig vurdering.

Begge seier at krig må vere siste utveg ut frå ei vurdering av at alternativet er verre.

Kritiske

Berre SV og Sp er kritiske til Regjeringa si haldning. Dei meiner Noreg har vore med på å manøvrere verdssamfunnet og FN inn i ein posisjon der krig er vanskeleg å unngå om ikkje amerikanarane og Bush skal tape ansikt. Og dei hevda at Noreg for lenge har dilta etter USA.

Senterpartiet si talskvinne, Åslaug Haga, hevdar at USA har teke FN som gissel ved å hevde at dersom ikkje FN gjer som USA vil, så vil USA gå åleine. Ho meiner USA driv eit lite verdig spel i FN.

Det kom til kraftige oppgjer, spesielt mellom Bondevik på den eine sida og Åslaug Haga og SV-leiar Kristin Halvorsen på den andre. Haga var statsråd i den første Bondevik-regjeringa.

Bondevik uttala at det var «grov propaganda å seie at vi (regjeringa) lydig vil fylgje USA».

«Meget grovt»

Bondevik skulda dei to partia for å svekke FN, lette trykket mot Saddam Hussein og ved det auke faren for krig.

Kristin Halvorsen fann det «meget grovt» at Bondevik skuldar dei som går ope ut mot krig, for faktisk å auke faren for krig.

Bondevik repliserte ved å hevde at SV trekte motiva til regjeringa i tvil.

Men Bondevik ville ikkje skulde Tyskland og Frankrike for å auke faren for krig ved det desse landa har sagt om ein eventuell krig mot Irak.

Men etter møtet kom motsetningane mellom Stoltenberg og Bondevik tydeleg fram i dagen. Det gjeld vurderingane av Bush sine standpunkt og manøvrar.

Busch sine motiv

Til Bergens Tidende seier Stoltenberg at han er usikker på kva motiv og mål president Bush har i Irak-spørsmålet.

— Eg er redd for at han har andre omsyn enn berre å avvæpne Irak. Det gjeld omsynet til olje og til amerikansk opinion. Det er farleg, seier Stoltenberg.

Stoltenberg er redd for at ein god del av ordbruken i talen som Bush heldt tysdag kveld gjer det vanskelegare å unngå krig.

Når BT spør Bondevik om han er trygg på kva motiv og interesser Bush har i Irak-saka, svarar han ved å vise til at målet er å avvæpne Irak for masseøydeleggingsvåpen.

Når vi pressar på med spørsmål om det ikkje er så at Bush har sagt at han vil fjerne Saddam, svarar Bondevik:

— Eit regimeskifte er ikkje åleine nok til å gå til krig. Det er avvæpning som gjeld. FN-resolusjonen snakkar ikkje om regimeskifte, men om avvæpning. Det er mange regimer i verda som ein kunne tenkje seg å bli kvitt.

HARDE OPPGJER: Statsminister Kjell Magne Bondevik var i går i harde oppgjer med SV-leiar Kristin Halvorsen om ein mogeleg krig mot Irak. Etter møtet i stortingssalen måtte han gå ein ny runde med pressa i hallen utanfor.

FOTO: HÅVARD BJELLAND