Det var eit makelaust uver som sette inn på Oktoberplassen i Minsk litt før klokka 22 søndag kveld: Iskald stri vind og ein vegg av snøfiller.

Forklaringa var opplagt, sa folkemeininga på plassen: Snøen hadde ein mistenkeleg hard konsistens. Presidenten hadde sett ut snøkanonar og vifter på taket av Republikkpalasset og sendt ein durabeleg storm ned over dei.

Etter ein liten time i snøkavet gjekk dei heim, med løfte om å heller møtast att neste dag.

I går sirkulerte historia på opposisjonelle heimesider i Kviterussland, som nok eit prov på Aleksander Lukasjenkos utkropne vesen.

Nye rettssaker i går Om kviterussarane har delte meiningar om presidenten, er det brei semje om ein ting: Aleksander Lukasjenko er ikkje til å spøkje med. I går var det atter rettssaker på løpande band i tinghusa i Minsk, mot ungdommar skulda for å ha konspirert mot regimet, medan Lukasjenko kunne gratulere seg sjølv med 82,6 prosent av stemmene.

Det er liten tvil om at mange fleire kunne tenkt seg å delta i protestane søndag. Skremslar frå KGB om planlagde bombeangrep, truslar om terrortiltaler og presidentens lovnad om å rive hovudet av folk gjorde at mange heller heldt seg heime.

Det er skremmande lett å finne folk som har fått merke regimets vreide: Studentar som er kasta ut av universitetet for å ha delt ut regimekritiske lappar, statstilsette som har fått sparken etter å ha sagt noko skeivt, journalistar som har fått enorme bøter for å ha skrive noko som ikkje fall i smak.

Ikkje som Ukraina Mange har prøvd å samanlikne situasjonen med Ukraina før revolusjonen i 2004. Det er ikkje særleg vellykka: I Ukraina kom begge opposisjonstoppane frå den gamle makteliten rundt president Kutsjma. Dei hadde støtte frå mektige menn med pengar, dei hadde aviser og ein privat fjernsynsstasjon til å få ut bodskapen. I Kiev rigga dei til ein nøye regissert folkefest, med stor scene, rockeband, lys og lyd, som enda med regimets fall.

I snødrevet i Minsk fekta opposisjonen med to ropertar og tilfeldige flagg.

President Lukasjenko har greidd å halde ein imponerande kontroll. Ingen i krinsen rundt han har brote ut, han synest å ha full kontroll over eigne rekkjer.

Økonomien er 75 prosent statskontrollert, det finst ingen mektige forretningsfolk som kunne sett seg tent med eit anna styre. Den vesle opposisjonen har inga verkeleg maktbase, og har vore plaga med splitting og indre kamp i tillegg til forfølgingane.

Ved å halde seg inne med Vladimir Putin i Kreml har Lukasjenko også unngått det presset utanfrå som kunne velta han.

Stabil vekst Stabilt styre gjennom 12 år var presidentens beste kort i møtet med veljarane. Det økonomiske kollapset etter Sovjetunionen hugsar alle.

Medan oligarkar og korrupte politikarar har stukke av med enorme verdiar i både Ukraina og Russland, har Lukasjenko bygd vidare på den statsstyrte økonomien. Mange er fattige, men svært få er styrtrike, og både statstilsette og pensjonistar får utbetalingane sine når dei skal. Den økonomiske veksten har vore pen dei siste åra (11 prosent i 2004), inflasjonen har minka, statsgjelda er låg og valutaen stabil. Korrupsjonen er svært moderat, samanlikna med dei fleste nabolanda.

Kviterussland framstår heller ikkje som ein europeisk variant av Nord-Korea. I butikkane er alle varer å få kjøpt, det er kasino og nattklubbar og kafear og gode hotell og elles det meste ein finn i ein kapitalistisk storby.

Dei aller fleste får også reise ut og inn av landet som dei vil, sjølv om eit eige stempel i passet må til.

Aldri større press I går dømde valobservatørane frå OSSE valresultatet nord og ned som udemokratisk, slik dei har gjort fleire gonger før.

Heller ikkje denne gongen tyder mykje på eit maktskifte like rundt hjørnet. Men dei demokratiske kreftene kan likevel gle seg over lyspunkt. Aldri før har opposisjonen greidd å samle seg så godt. Aldri før har den internasjonale interessa for kva som foregår her vore så stor, og aldri før har EU pressa slik på det totalitære regimet. Det siste kan kviterussarane takke Polens EU-medlemsskap for.

Og ikkje på mange år har så mange våga seg ut i gatene for å vise kva dei meiner. Den lammande forestillinga om at presidenten uansett sit med all makt, har fått seg ein liten knekk.

I går ettermiddag, då demonstrantane igjen samla seg i gatene, var det i alle fall ikkje eit snøfnugg å sjå, berre ein vid, blå himmel over Minsk.