• Det verste var då vi var i ferd med å gå tomme for medisinar og vatn. Då kjende vi oss ganske makteslause.

I går ettermiddag kom førstestyrmann på "Tampa", Grete Bugge (26), heim til Luster. Ho er den første av mannskapet som forlot skipet, etter den dramatiske veka med nær 450 flyktningar sitjande på dekk.

— Ja, det er godt å komme heim, kunne Bugge stadfeste overfor pressekorpset som i går ettermiddag var møtt fram då ho landa på flyplassen i Sogndal.

Angra aldri

At Grete kjem heim no, har ingenting med flyktningepisoden å gjere. Eigentleg skulle ho mønstra av tysdag for halvanna veke sida. Men to dagar før skjedde det som snudde opp ned på ferieplanane.

Grete Bugge stod på vakt på brua saman med kapteinen då "Tampa" endra kurs for å ta opp flyktningane.

— Vi angra aldri på det vi gjorde. Det er slik det er på sjøen. Trass alt er det snakk om menneskeliv. I ettertid sit eg att med ei god kjensle, seier Grete som var ute på sin første tur som førstestyrmann.

Trilla nokre tårer

På flyplassen i Sogndal var mor Britt og far Odd Johan møtte fram for å møte dottera etter den lange flyturen frå Singapore. Og også heime på Ornes har det vore tøffe dagar for foreldre og familie.

— Det stod på ei veke, men det verka som det var mykje, mykje lenger. Det har vore mange både opp- og nedturar, seier Britt Bugge. Også nattesøvnen har det vore så som så med.

— Enkelte gonger stod vi opp midt på natta for å få med oss nyheitene på radio.

Skjønte at noko var gale

To hendingar står fram som dei verste. Først då Grete ringde om kvelden søndag for snart 14 dagar sidan. Mora høyrde på stemma at noko ikkje var som det skulle. Men på telefonen kunne ikkje Grete fortelje meir om kva som hadde skjedd, berre at ho ikkje kom heim som planlagt. Men ho fekk fortalt at foreldra måtte følgje med på nyheitene. Den andre nedturen kom då "Tampa" gjekk inn i australsk farvatn.

— Dei første meldingane, om at båten var kapra, var veldig tøffe å forhalde seg til. Tida frå Grete ringde søndag kveld til vi hadde kontakt neste gong, var frykteleg. Og då dei gjekk inn i australsk farvatn, trur eg ingen var heilt sikre på korleis det ville gå.

Felte nokre tårer

Britt Bugge legg ikkje skjul på at det har vorte felt nokre tårer den veka dramet stod på. Då dottera steig ut av Widerøe-flyet i går, var det gledestårene som pressa på.

Hovudpersonen sjølv vil snakke minst mogleg om den politisk intrikate situasjonen som vart skapt, då Australia nekta å la skipet komme til hamn. Dei har fått beskjed om å vere varsame med det.

Mannskapet forstod at media var opptekne av det som skjedde, men det er først dei siste dagane at det har gått opp for Grete kor stor saka har vore i heile verdspressa.

— Eg har høyrt at vi vert omtala som heltar, men eg kjenner meg ikkje som det. Vi gjorde berre det vi skulle, seier Grete Bugge.

Skal ut att

Det som skjedde har likevel ikkje skremt 26-åringen frå å reise til sjøs att.

— Men først skal eg ha meg ein lang ferie. Eg håpar å vere heime til over jul, seier Grete Bugge.

Heime på Ornes held ho på å byggje hus, men før det vert husbygging skal det slappast av. I går kveld stod søvn øverst på prioriteringslista.

— Men i dag skal vi samle familien, søsken og besteforeldre som bur så nær at dei kan komme, forsikrar mor Britt.

HEIME ATT: Mor Britt og far Odd Johan tok mot dottera Grete på flyplassen i Sogndal i går. No skal ho kople av med husbygging etter dramaet utanfor Christmas Island. Etter jul går Grete Bugge om bord att. FOTO: ODDLEIV APNESETH