Huset er reist i diamantsaga brotskifer med brotsida inn (noko som ikkje inviterer til tagging) og den glatte sagsida ut. Saginga er gjort ekstra vanskeleg ved at to av hjørna ikkje er rettvinkla.

Det har to gule dører, ei for damer og ei for herrer. Og det er plassert på eit knallgult fundament, der det også er ein liten klatrehaug for dei små, forma etter fjelltoppen i bakgrunnen.

– For å gjera det triveleg, forklarer sivilarkitekt Susanne Puchberger hjå 3RW arkitekter.

Tiltak langs turistvegane

Ho avsannar dermed at her er brukt all den gulmålinga som burde ha gitt gul stripe på vegane gjennom Hardanger.

– Vi gjer ikkje mykje med sjølve vegen, men jobbar med tiltak langs turistvegane, seier Jan Andresen.

Han er prosjektleiar på landsbasis for dei nasjonale turistvegane i Noreg, medan broren Bjørn har tilsvarande jobb i region vest.

– Gjennom turistvegprosjektet hjelper vi til med økonomisk vekst gjennom auka reiseliv i desse områda, seier Kjell Bjørvig, den assisterande vegdirektøren som rykte opp då Olav Søfteland tok permisjon.

18 påtenkte

Siktemålet er å tilby ukjende bilistar alternativ til dei store hovudvegane, merka køyrevegar som gir opplevingar.

Av dei 18 påtenkte turistvegprosjekta i Noreg er fire opna, deriblant Hardanger.

GLATTPOLERT: Skiferhuset er allerede populært blant turistene.
SKAL VÆRE TRIVELIG: Det er også ein liten klatrehaug for dei små her, forklarer sivilarkitekt Susanne Puchberger hjå 3RW arkitekter.