KRISTIN JANSEN

— I går la vi oss klokka tre og stod opp igjen to og ein halv time seinare for å ringja NRK Hordaland og få med ei etterlysing, seier Heidi Tveitt. Ho er trøytt og forkjølt etter ei hard veke på jakt etter Baldur som ho er så inderleg glad i.

Det dyrekjære ekteparet frå Norheimsund har den siste veka køyrd hundrevis av kilometer på svingete vestlandsvegar i håp om å sjå att hunden sin. Dei har kontakta alle lensmannskontora i distriktet, snakka med busselskap og drosjesjåførar og brukt dei månelyse nettene til å leita i skiløypene på Kvamskogen. Torsdag tok dei til og med kontakt med to synske personar og ba dei om hjelp til å finna kjæledyret sitt, men heller ikkje det gav resultat.

— Vi har fått vita at folk har sett Baldur forskjellige stader i distriktet. Mange har ringt og sendt tekstmeldingar etter etterlysing i Bergens Tidende og på NRK, seier Heidi Tveitt og syner fram eit tettskrive ark der ho har notert alt som har med den forsvunne hunden å gjera.

Det var på ein sein kveldsskitur at Baldur plutseleg forsvann. Heidi var på veg heim frå eit besøk hos nokre hyttegrannar, då den gylne blandingshunden stogga for å snusa ved ei snøfonn. Nokre minutt seinare var han heilt borte.

— Eg plystra og ropte slik som eg plar, men fekk ikkje noko svar. Sjølv om vi fortsette å leita utover kvelden og natta såg vi ikkje snurten av han, fortel Heidi.

Sjølv om det no har gått åtte dagar har korkje ho eller mannen hennar tenkt å gje opp håpet om å få Baldur tilbake. Dei vil framleis bruka både dagar og netter til å leita, og dei håpar at folk som ser hunden vil melda frå.

— Hunden vår er sterk, robust og vand med å vera ute. Vi trur at han framleis kan vera i live og at vi kan finna han, seier ekteparet Tveitt.

DYREKJÆRE. Heidi og Haokko Tveitt frå Norheimsund har køyrd hundrevis av kilometer og teke kontakt med synske personar for å finna att hunden Baldur.
Baldur