Årsaka er at Justisdepartementet og Politidirektoratet ikkje vil la dei sivile norske politifolka bli underlagt militær kommando, slik Utanriksdepartementet og Forsvaret ønskjer.

Ideen om at norsk militærpoliti og vanleg norsk politi saman skulle hjelpe den afghanske politistyrken, dukka opp i vår. Dåværande forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen var i møte med den afghanske innanriksministeren i Kabul i mars. Han bad henne innstendig om hjelp til opplæring og mentorering.

_Les også:

— Behovet er ute i distrikta_

Berre i fjor vart 1130 afghanske politifolk drepne i tenesta. Det er meir enn fem gonger så mange som i den afghanske hæren, der 215 soldatar mista livet i 2008. Politistyrken er i elendig forfatning; dei er dårleg trent, dårleg utstyrt, dårleg betalt og kjent som valdeleg og ekstremt korrupt.

Farlege oppdrag

Politiarbeid er i Noreg ikkje ei militær oppgåve, men Strøm-Erichsen lova å sjå på saka. Planar vart raskt snikra saman for å la norsk militærpoliti (MP-ar) delta i politiopplæringa. Det skulle skje i såkalla «mentorlag», med åtte MP-ar og fire sivile politifolk. Laget skulle følgje afghanske politiavdelingar ut på alle slags oppdrag - også dei mest farlege. Målet var å ha laget på plass i Afghanistan til sommaren.

USA driv alt eit stort politiopplæringsprogram, og dei norske mentorane skulle inn i desse rammene. Modellen var inspirert av opplæringa av den afghanske hæren. Her følgjer ISAF-mentorar - også norske offiserar - afghanske avdelingar på patrulje og i kamp.

Ei arbeidsgruppe frå Forsvaret, Justisdepartementet, Politidirektoratet, Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet skulle finne ut korleis ei liknande ordning kunne etablerast på politisida.

Ikkje god nok immunitet

Nå har arbeidsgruppa konkludert med at heile tanken om felles mentorlag må forkastast. I botnen ligg at arbeidet vil vere heilt annleis enn det dei sivile norske politifolka i Afghanistan er vande med. «Man vil med stor sannsynlighet komme i direkte trefninger med opprørere og andre kriminelle», står det i den ferske rapporten.

I dag steller dei norske politifolka mest med kursing, som skjer i trygge leirar, og med opplæring og oppfølging av politisjefar som stort sett held seg ved skrivebordet.

Å følgje politipatruljar på oppdrag vil vere noko heilt anna: «For politiet vil det medføre at de vil måtte operere over tid med mer risikoutsatte arbeidsoppgaver enn tidligere», slår rapporten fast.

Juristane i Utanriksdepartementet meiner avtalen Noreg har med afghanske styresmakter om politiinnsatsen ikkje er god nok til denne typen oppdrag. Dersom det oppstår reine kampsituasjonar, vil ikkje dei norske politifolka ha godt nok vern mot straffeforfølging – for eksempel dersom dei drep folk, meiner dei.

«... en umulig situasjon»

Alternativet er at dei sivile norske politifolka blir underlagt ISAF-styrkanes avtale og kommando. Dette gir langt større juridisk vern. Men ei slik ordning vil ikkje Justisdepartementet (JD) og Politidirektoratet (POD) vere med på. «På bakgrunn av det norske politiets tradisjoner og sterkt sivile profil, kan JD og POD ikke anbefale at politirådgiverne legges under militær kommando og opererer under ISAF», skriv arbeidsgruppa.

Å la dei sivile få eitt regelverk og MP-ane eit anna, er heller ikkje aktuelt. «Det vil bli en umulig situasjon for lagføreren som skal ta ansvar for laget som helhet under alle bevegelser ute i distriktet», heiter det.

Den einaste realistiske løysinga er ifølgje arbeidsgruppa at mentorlaget blir reint militært, med ni MP-ar pluss tolk. Eit lag med fire sivile politifolk skal «være politifaglig støtte», men underlagt sivil styring og ikkje med på dei farlegaste oppdraga. Dermed blir både mandat og kommandolinjer for dei to politigruppene vidt forskjellige, stikk i strid med den opphavlege planen.