Britt Heidi Værøy på interiørbutikken KID på AMFI Stord fekk sitt livs sjokk, då ho opna ei skuff med dukar laurdag for 14 dagar sidan, skriv avisa Sunnhordland i dag.

–Eg såg edderkoppen med ein gong eg drog ut skuffa. Ved første augnekast trudde eg det var nokon som skulle vera festlege og skremma meg med eit gummidyr. Men då eg pirka i tarantellen med ei bordbrikke, byrja den å kravla rundt oppi skuffa. Eg vart stiv av skrekk og ropte og skreik, fortel Værøy som er dagleg leiar i butikken.

Allereie 14 dagar tidlegare såg ho beistet i barneavdelinga. Ho tenkte det var ein barneleike som nokon hadde mista, og tarantellen slapp unna.

Gav seg ikkje utan kamp

Jobben med å få tarantellen ut av dukeskuffa var ikkje heilt enkel. Værøy måtte alliera seg med ein kollega på MEKK-butikken. Ved hjelp av hanskar og ein matboks prøvde dei to å fanga dyret.

–Den var temmeleg vilter, og kraup ut på baksida av hylla. Men me fekk tak i han til slutt, seier Værøy. Ho ville aller helst trampa på dyret, men torde ikkje fordi ho var dårleg skodd.

–Eg hadde berre opne sandalar, så eg våga ikkje.

KID-butikken ligg vegg i vegg med Tropehagen ZOO, som har vore stengt på grunn av eit eigarskifte. Alle dyra var frakta til Haugesund – trudde dei tilsette i dyrebutikken.

–Giftig, men ikkje dødeleg

– Dette er noko som absolutt ikkje skal skje. Me har nulltoleranse og svært strenge krav på dette området, seier Arild Berge, supportrådgjevar i Tropegruppa AS. Han vil no finna ut kvifor tarantellen kom på rømmen i handlesenteret på Leirvik.

Han understrekar at den Sør-Amerikanske tarantellen er giftig, men ikkje dødeleg.

– For folk med allergiar kan eit bit få dødeleg utfall.

For å roa shoppingglade på Stord, opplyser avisa Sunnhordland at edderkoppen no er fjerna og bur i ein privat heim.

Ikke redd taranteller En som ikke er redd for taranteller er Petter Jordan, vitenskapelig assistent ved De naturhistoriske samlinger ved Universitetet i Bergen.

Han har tatt hovedfag på edderkopper og er opptatt av at stordabuer bør ta en tarantell på rømmen med stoisk ro.

— Nesten alle taranteller har en gift omtrent på styrke med et vepsestikk. Det er større fare for å få en allergisk reaksjon av et vepsestikk enn et edderkoppbitt. Det har aldri vært registrert dødsfall etter tarantellbitt, sier Jordan til bt.no.

Ifølge edderkoppentusiasten finnes det 889 ulike tarantellarter i hele verden, og giften deres er til for å drepe insekter, ikke mennesker.