I august i år slo den afghanske hæren og afghansk politi til mot opprørarar i landsbyen Kwaja Kinti, vest i Faryab-provinsen. Norske og amerikanske ISAF-styrkar var med på operasjonen. Det var også ei større gruppe afghansk milits: Lokale menn, mange av dei til hest, alle sivilkledde. Væpna med granatkastarar, maskingevær og kalasjnikovar deltok dei i kampane, side om side med norske soldatar.

Desse militsgruppene, som er laust organiserte, lite trente og ikkje uniformerte, går ofte under namnet «arbaki». Dei har utspring i landsbyane, og skal fungere som eit slags borgarvern.

— Katastrofale erfaringar

FN - og Noreg - har brukt store ressursar på å avvæpne ulike militsgrupper i Afghanistan. Etter 30 år med krig er store mengder våpen i omløp. Samtidig har USA lenge prøvd seg fram med å knytte til seg ulike væpna grupper i kampen mot Taliban og andre opprørarar.

Norske styresmakter har vore sterkt imot denne strategien. Ikkje minst i nord, der dei norske styrkane opererer, er det mange og djupe konfliktar mellom ulike etniske grupper. Noreg ønskjer seg difor ein etnisk balansert hær og eit godt organisert politi, utan bindingar til lokale væpna grupper.

Den afghanske menneskerettsaktivisten Orzala Ashraf Nemat åtvara på det sterkaste mot arbaki-systemet då ho besøkte Bergen sist veke.

— Dei fleste i Afghanistan er samde om at vi treng ein sterk og påliteleg politistyrke og hær. Men dette er noko anna. Erfaringane med militsar i Afghanistan har vore katastrofale, seier Nemat, som deltok på ein Afghanistan-konferanse i Bergen.

Ukjent for Støre

Utanriksminister Jonas Gahr Støre deltok også på konferansen, og var klar på at Noreg ikkje ønskjer å støtte opp om arbaki-systemet.

— Vi er ikkje involvert i dette i nord, og stiller mange av dei same spørsmåla som Orzala Ashraf Nemat, seier Støre.

— Er arbaki-systemet noko som har dukka opp også i Faryab-provinsen?

  • Ikkje som eg veit. Eg har ikkje konkrete eksempel på dette i Nord-Afghanistan, sa Støre sist veke.

Det har derimot dei norske styrkane som opererer i Faryab. Dei er heilt opne på at dei i haust har kjempa skulder ved skulder med arbaki-milits.

«Arbaki-enheter har vært med på enkelte operasjoner gjennom høsten 2010», skriv sjefen for dei norske styrkane i Afghanistan, oberst Knut Riiber i ein e-post.

Konfrontert med Riibers stadfesting av dei felles operasjonane, sendte også utanriksminister Støre i går e-post til BT:

«Siden arbakiene er en del av den komplekse virkeligheten på bakken, måForsvaret forholde seg til dem. I praksis betyr det at norske soldater, sammen med afghanske sikkerhetsstyrker, må finne praktiske måter å samarbeide med arbakiene på», skriv Støre.

Samtidig held han fast ved dei grunnleggjande innvendingane: «... det bidrar til ustabilitet fordi en ikke har noen garantier for hvilken vei de vil vende seg i morgen», skriv utanriksministeren.

«Fantastisk kampmoral»

«De tar hesten ut av skjulet og kjører på. Slike folk har jeg ingen problemer med å kjempe side om side med. (...) De har en fantastisk kampmoral», sa kompanisjef Kristian Simonsen i Telemark Bataljon til magasinet Alfa etter kampane ved Kwaja Kinti.

Fotograf Marius Arnesen, som arbeider med ein dokumentarserie om dei norske styrkane for NRK, fotograferte arbaki-mennene under operasjonen. I bloggen sin skriv han om det som skjedde:

«Beboerne i Kwaja Kinti hadde stjålet to biler fra dem ved en tidligere anledning, og nå, når ISAF tilsynelatende hadde tenkt å jevne Kwaja Kinti med jorden, skulle de bidra med sitt», skriv Arnesen.

Oberst Riiber opplyser at det er den afghanske hæren som bestemmer om militsen skal vere med på oppdrag.

Medan utanriksminister Støre er skeptisk til arbaki-systemet, vil oberst Riiber gjerne ha med seg slike grupper også i framtida: «Jeg mener det er veldig positivt at disse avdelingene aktivt tar standpunkt og bidrar i operasjonen», skriv Riiber, og:

«... det er vårt ønske at disse gis høyere prioritet og at de utrustes med uniformer og materiell i tiden som kommer», skriv Riiber.

Vilkåret er at den afghanske regjeringa ønskjer ei slik utvikling, ifølgje obersten.

Kan ha gått til Taliban

Oberst Knut Fredheim, som var sjef for den norske stabiliseringsstyrken i provinshovudstaden Maimana fram til i sommar, kom også i kontakt med arbakiane.

— Det vart oppretta ein del arbakiar i samband med valet i 2009. Dei sprang ut frå lokalsamfunna, og skulle lønnast av provinsguvernøren, seier Fredheim. Styrken var ifølgje Fredheim godt væpna.

— Dei likna slik sett på opprørsgruppene. Vi opererte ikkje saman med dei i mi tid der nede, seier Fredheim, som var skeptisk til fenomenet.

— Vi var bekymra fordi dei hadde våpen. Det gjekk også rykte om at lønna etter kvart uteblei. Vi frykta at dei kunne bli eit lett bytte for opprørsgrupper som hadde pengar, seier Fredheim.

Oberst Fredheim anslår at det var «nokre hundre» slike arbaki-militsmenn i Faryab i hans periode.

  • Veit de om nokon av desse skifta side og vart med opprørarane?
  • Det kan i alle fall ikkje utelukkast. Det er ein tendens at dei lokale blir trekt mot grupper med pengar og våpen, seier Fredheim.