VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.noOsloOnsdag vart den amerikanske ambassadøren i Berlin kalla inn på teppet til den tyske forsvarsministeren. Eit slikt steg er heilt uvanleg, kunne Financial Times, fortelje i går. Plutonium Dette skjedde etter at tyske media hadde fortalt at det forutan uranrestar også er oppdaga spor av plutonium i våpen brukt av USA i Kosovo. Samstundes debatterte Europaparlamentet konsekvensane av bruk av våpen som inneheld utarma uran.Parlamentet vedtok med overveldande fleirtal (394 mot 60 røyster) å be medlemsstatane som også er NATO-medlemer, å gjere framlegg om midlertidig stans i bruk av våpen med utarma uran.Vedtaket går også ut på å oppnemne ein europeisk uavhengig medisinsk kommisjon for å kome til botns i spørsmålet om helserisikoen. Parlamentet vil også ha klarlagt dei langsiktige verknadane i områda som har vore utsett for bombing, og verknadane på sivilbefolkninga. "Kritikkverdig" Forsvarsminister Bjørn Tore Godal orienterte i går Stortinget om bruk av uranhaldige våpen og moglege helseskadar.Han vedgjekk at informasjonsflyten i det norske forsvaret har vore kritikkverdig. Ifylgje Godal vart forsvarsleiinga ikkje orientert om den helseåtvaringa som Forsvarets Overkommando mottok 6. oktober 1999. Den kom først til forsvarsleiinga 3. januar i år. NATO-trenering av FN Orienteringa frå Godal gav interessant informasjon: NATO brukte over eit halvt år på å svare FN då FN 28. juli 1999 ba om opplysningar om dei miljømessige konsekvensane av Kosovo-krigen.14. oktober 1999 tok FN saka opp att med NATO.Den amerikanske forsvarsstaben fann grunn til å åtvare europa-kommandoen i NATO alt 1. juli 1999 om helsefare etter bruken av uranhaldige våpen i Kosovo.Først 7. februar i 2000 sendte NATO svar til FN.9. og 17. mai i fjor ba FN om ytterlegare opplysningar om lokaliseringa av dei måla der uranhaldige våpen var nytta.Ifylgje Godal er det gjort svært få risikovurderingar av ureiningsfaren frå utarma uran. Derimot lova Godal at norske styresmakter no tek helserisikoen på alvor og at det skal gjerast grundige undersøkingar av norsk militært personell som har gjort utanlandsteneste sidan 1990.

Les også: Hemmelegheldt våpenbruken