I går feira nordmenn og britar i fellesskap at gassrøyrleidningen Langeled er opna for leveranse av norsk gass frå Nordsjøen. Det skjedde i form av eit stort teselskap i ilandføringsbyen Easington på Englands austkyst, i regi av utbyggjar Hydro og gassterminaloperatør Gassco.

I førre hundreåret var engelsk kol lenge ein viktig energibase for nordmenn. No er situasjonen snudd. Gjennom den 1200 km lange Langeled-leidningen vil britane få stetta heile 20 prosent av sitt enorme gassbehov i fleire tiår framover.

Pay back time

— Det er tid for å gje noko tilbake. It' s pay back time, sa norske Gassco sin visedirektør Trond Nordal i si helsing i Easington i går.

Den første gassen frå Sleipner- og Troll-feltet kom gjennom Langeled 1. oktober. Om eitt år blir leidningen si fulle lengde teken i bruk med leveranse frå Ormen Lange via Nyhamna i Aukra.

— Langeled og Ormen Lange har gitt oss nye kontaktar og givande samarbeid med Easington-distriktet. Viktige tema er reiseliv og kultur. Vi har også ei felles utfordring med fråflytting, å halda på ungdommen, seier Aukra-ordførar Aud Mork til BT.

Uro og glede

Ifølgje Easington-ordførar Hillary Wilson var det ei viss otte i landsbyen for å få ein gassterminal så nær innpå busetnaden.

— Men Hydro har lytta til vår uro, og har teke omsyn. Vi takkar for feiringa og for samfunnshuset, sa Wilson. Ho sikta til ein City hall til åtte millionar kroner som Hydro og samarbeidsselskapa i Ormen Lange har spandert på Easington.

I går supplerte Gassco med å oppretta eit vedlikehaldsfond for samfunnshuset.

Den offisielle opninga av Langeled, til ein totalkostnad av over 15 milliardar kroner, skal skje i London i morgon, ved statsministrane Tony Blair og Jens Stoltenberg.

— Det er ei stor skam at det ikkje skjer her, meiner det lokale, konservative parlamentsmedlemmet Graham Stuart.

Direktør for gass infrastruktur i Hydro, Anne Lycke (midten) feirer åpningen av Langeled-gassrøret sammen med ordføreren i Easington Hilary Wilson og byens Town Crier Michael Wood.
Herskedal, Kjell