• Det var så vidt det gjekk, seie Roar Elde. Han baksa fangsten sin, ei 110 kilos kveite om bord i ein 14-fots plastbåt. Då han kom heim fekk han eit nytt problem. Frysen var for liten og kveita måtte gravast ned i snøen utanfor huset.

Hobbyfiskaren fekk fangsten på line sett utanfor Totland, skriv avisa Fjordenes Tidende .

— Eg var åleine, og båten eg har er ein 14 fot plastbåt. Då kveita kom opp i sjøen sette eg kleppen i den. Men å få henne om bord i den vesle båten var ikkje lett. Eg måtte sette meg ut i sida og dra den over motsett rekke, for at båten ikkje skulle kantre, fortel Elde.

Ifølgje Fjordenes Tidende er Elde så glad i kveite at han ikkje kan tenke seg å selja fangsten.

— Vi kjem til ta det vi skal ha, så får kanskje naboane seg ein middag eller to, seier han til Fjordenes Tidende.

NEDGREVEN: Kveita fekk ikkje plass i frysen. Då vart einaste råd å greve kjempen ned i snøen. FOTO: Åge Senneset, Fjordenes Tidende