FNs høgkomissær for menneskerettar, Mary Robinson, har oppmoda om ein slik bombestans. Det same har ei lang rekkje hjelpeorganisasjonar gjort.

— I mange av områda er det ikkje mogleg å få inn hjelp etter at snøen har lagt seg. Det skjer i løpet av ein månads tid, seier tidlegare leiar Per Hornfeldt i den norske Afghanistankomiteen. Det har hittil ikkje kome noko signal frå Capitol Hill om at amerikanarane vil følgje oppmodinga – sjølv om president Bush framstiller seg som den fremste hjelparen for det afghanske folket.

— Takka vere amerikanske barn, vil færre barn i Afghanistan lide i vinter, sa presidenten i ein tale tidlegare i veka. Han snakka om innsamlingsaksjonen han har tatt initiativet til, der amerikanske barn skal gje ein dollar kvar til afghanske barn. Korleis hjelpa skal kome fram, sa han ingenting om.

Amerikanarane har sleppt 275.000 dagrasjonar med mat frå fly Afghanistan, ei form for naudhjelp som har møtt hard kritikk. Fleire hjelpeorganisasjonar har hevda at det er nedverdigande å sleppe matpakker ned til folk som risikerer å bli bomba. Dei fryktar også at pakkene kan lokke folk ut i minelagte område, og at maten hamnar på svartebørs eller hos dei med våpenmakt.

Verdas Matvareprogram meiner at så mange som 7,5 millionar afghanarar kan få bruk for naudhjelp i løpet av vinteren.