— Sverige har bestemt seg for å organisera ein båttransport for alle sine innbyggjarar neste onsdag. Norske myndigheiter jobbar med eit frivillig tilbod om buss til Damaskus tidleg førstkomande søndag, fortel kommunikasjonssjef i Utenriksdepartementet (UD), Anne Lene Dale Sandsten. Tryggleikstilhøva i augneblinken vil avgjere når bussen kan forlate Libanon.

- Kvifor vel ikkje norske myndigheiter å evakuere sine borgarar ut av Libanon på lik line med svenskane? - Me ønskjer ikkje å nytta ordet evakuering. Det er eit spørsmål om definisjon. Me vil at nordmenn skal kunna forlata landet frivillig. Det er mange nordmenn som har sterke tilknytingar til Libanon, og som ønskjer å vera med vener og kjende der, fortel Sandsten. **- Kor mange nordmenn reknar de med vil nytta seg av dette tilbodet?

-** Me ønskjer ikkje å spekulera i kor mange som vil takke ja til tilbodet, svarer ho.

Norsk UD oppfordrar alle nordmenn som oppheld seg i Libanon til å kontakta ambassaden og halda seg i ro der dei er og ikkje nytta seg av transportmidlar på eiga hand.

For tida oppheld om lag 300 nordmenn seg i Libanon.