France 24 får base utanfor Paris med 170 tospråklege journalistar og skal senda 24 timar i døgeret frå desember i år via satellitt og kabel.

Al-Jazeera International har óg varsla sendestart mot slutten av året, etter fleire utsetjingar, og skal ha heilkontinuerlege sendingar på engelsk frå London, Washington, Kuala Lumpur og Qatar.

Arabiske Al-Jazeera fekk sitt store gjennombrot etter terroriståtaka i USA 11. september 2001, og er i dag den mest populære kanalen i Midt-Austen, med 50 millionar sjåarar. Al-Jazeera International disponerer 250 journalistar, og har som mål å nå 200 millionar sjåarar verda rundt med blant anna ei sterkare tredje verda-vinkling enn CNN og BBC World. Mange profilerte fjernsynspersonlegdommar har meldt seg til teneste for kanalen, blant dei Sir David Frost.

Chiracs bébé og baby

France 24 er blitt til mykje takk vera initiativ frå president Jaques Chirac. Han ønskjer å få franske synspunkt sterkare fram i den vestlege opinionen.

Særleg såg Chirac behovet for å få ut alternativ informasjon då USA bad om internasjonal støtte til å gripa inn med makt overfor Saddam Hussein. Frankrike blei møtt med hets og vareboikott i USA då Chirac sa nei til å gå med i koalisjonsstyrkane i Irak.

France 24 har vedteke å splitta sendingane på ein heilfransk kanal og ein kanal med heile 75 prosent innslag av engelsk. Neste sommar er det planen å opna ein tredje France 24-kanal på arabisk.

Den franske kanalen er eigd 50 prosent av det statlege France Télévisions og 50 prosent av Groupe TF1, privatisert i 1987. Hovudsetet ligg i Issy-les-Moulineaux. France 24 budsjetterer neste år med 550 millionar kroner, som er berre er ein nidel av CNN sitt årsbudsjett.

Klar for Noreg

Al-Jazeera International har gjort avtale med Canal Digital for distribusjon til norske sjåarar, medan det ikkje er teke standpunkt til den franske kanalen, opplyser Cathrine Barth-Nossum, pressekontakt i Canal Digital.

— I 2004 kom det 240 nye tv-kanalar i Europa, i fjor endå fleire. Vi må derfor sila nøye før vi gjer nye distribusjonsavtalar. Vi veit at kundane våre er opptekne av nyhende, og vi må sørgja for å få med oss dei kanalane som er relevante, seier Barth-Nossum.

Canald Digital har i dag distribusjonsavtale med nær hundre norske og utanlandske kanalar, og sender tv-signal til rundt ein million norske husstandar.

TIL AL-JAZEERA: Den profilerte britiske fjernsynslegenden Sir David Frost har meldt seg til teneste for Al-Jazeera International. ARKIVFOTO: SCANPIX