I samband med skulestart drog organisasjonen i gong ein kampanje om lusa som kvar haust sug seg fast i hovudbotnen på barn i skular og barnehagar.

— Foreldre må innsjå at det er deira ansvar å sjekke om barna har lus. Og ein må absolutt ikkje halde det hemmeleg at ein har lus, seier Leikfoss.

Hemmeleghald slår tilbake

Til no i år viser tal frå Folkehelseinstituttet at har salet av lusemiddel auka med 37 prosent i høve til i fjor.

— Hovudlus er eit skikkeleg problem. Det er mykje lus rundt omkring, men det er vanskeleg å seie om auka sal gjenspeglar auka førekomst, seier Preben Ottesen, avdelingsdirektør i Folkehelseinstituttet.

Han meiner det auka salet også kan forklarast av at folk tar lusemiddelet feil, at ein tar det førebyggjande og at heile familien tar det sjølv om berre ein er smitta.

Ifølgje Anne Louise Leikfoss er ei av årsakene til at lusa får spreidd seg, hemmeleghald kring lusete barnehovud. Det er Ottesen samd i. Sidan det tek to-tre veker frå ein har fått lus til det byrjar å klø, kan mange barn smitte kvarandre før det vert oppdaga.

— Foreldre som oppdagar lus på sine barn, tek lusekur men er for flaue til å seie ifrå til andre. Når barnet er lusefritt vert det seinare smitta tilbake av sine eigne lus frå andre barn, seier Ottesen.

Lusekam er førebyggjande

På apoteket i Galleriets første etasje har apotekar Eli Bjørke Hellerslien merka seg ei god auke i salet av lusekammar og lusemiddel.

— Tal for august i fjor samanlikna med i år, viser at me har seld 90 prosent meir lusekammar i år. På lusemiddel er auken 50 prosent, seier Hellerslien.

At salet på lusekammar går opp, er Preben Ottesen glad for.

— Å kjemme barna sine jamleg er god førebygging. Dersom fleire er vake på det, er det gledeleg, seier Ottesen.

Lusekammen verkar førebyggjande på fleire måtar. Lusa tidlegare oppdaga ved jamn kjemming. Lusa kan også fjernast ved bruk av kam. Tar ein lusa tidleg, kan ein halde ho under kontroll.

— Det er også mogleg å fjerne luse heilt berre ved bruk av lusekam. Men det er tidkrevjande og vanskeleg. Ein må gå systematisk til verks, greie grundig i vått hår, seier Ottesen.

Ei undersøking Folkehelseinstituttet har gjennomført på ein osloskule, viste at mellom to til fire prosent av barna hadde lus. Om hausten er det meir, kring fire prosent, tippar Ottesen.

Jan Djenner