INGEBORG KRISTVIK

Den bærbare pc-en som vi har reist med, frå Flesland via Amsterdam til Nairobi og Entebbe, er ei gåve frå Historisk-filosofisk fakultetet og Filosofisk institutt på Nygårdshøyden til Filosofisk institutt på Makerere University i Kampala.

Kampala er sjufjellsbyen i Uganda. Frå villastrøket på Kololo, ei av dei sju høgdene som omkransar Ugandas hovudstad, skal vi til Makerere Hill, Kampalas «nygårdshøgd».

Raus natur

Frå naturen si side er Uganda eit skattkammer, så ufatteleg grøderikt og frodig. Avokadosteinen som vår lokale vert putta i jorda i hagen sin, er på to år blitt til eit tre-fire meter høgt tre.

Villastrøket på Kololo fløymer over av blomar, sukkulentar, buskar og tre. Bogenvilla i alle nyansar veltar seg over høge murar og sikkerheitsgjerder. Det lyser grønt, gult, oransje, lilla og raudt på eit bakteppe av varm brunraud jord under ein høg, blå himmel. Himmelen er større i Afrika, seiast det. Den må vel det, for at alt som fins her mellom himmel og jord skal få plass. Ulikskapen er skingrande, her er så mykje — av alt. Det hjelper ikkje dei fattige at storbyens marknader bugnar av grønsaker.

Med firehjulstrekkaren pressar vi oss fram gjennom sentrumsgatene i Kampala. Det er regntid, og sjølv om sola har tørka opp regnet som bøtta ned i natt, er vegen som eit bulkete vaskebrett.

Det går fort likevel. Trafikken er lovlaus, sjølv i rundkøyringa er det den raskastes rett. Slikt kan det bli knute av, men vi kjem oss gjennom, humpar og suser vidare forbi eit mylder av butikkar tett i tett med varer langt ut i vegen.

Byggeprosjekt og rivningstomter, marknader med sirleg stabla grønsaker og frukt i små pyramidar.

Svære bur som er stappa med levande høns (som torsken i kummane på Fisketorget). Det er folk og syklar, det er ei og anna geit, det er stor aktivitet og eit fargerikt kaos, vi har ikkje vore her lenger enn at vi prøvar å ta inn alt saman, sjå mest mogeleg og lagre det på netthinna: Ein boda-boda (sykkeldrosje) med pute på bagasjebæraren som suser forbi med ei kvinne i turkis og lilla. Ho sit sidelengs og balanserer med eit barn på armen.

«The Harvard of Africa»

Vi nærmar oss Makerere, universitetet som på 50-talet, då Uganda var eit britisk protektorat, blei kalla «The Harvard of Africa». Det var eit vidgjete og velfungerande universitet. Men i nesten 20 år, under Idi Amin og Milton Obote, var Uganda herja av indre splid, borgarkrigar og grusomheiter. Infrastrukturen braut saman. Som det meste anna vart også universitetet rasert, tappa for ressursar og ribba for utstyr. Sidan president Museveni kom til makta i 1986 har universitetet vore i ein lang prosess med gjenoppbygging og utvikling.

Ein brå høgresving, og vi er framme. Vi køyrer sakte gjennom porten, forbi granskande blikk frå vaktene. Elegant kledde damer og menn med dokumentmapper under armen ruslar i svalande skugge frå svære trekroner. Til høgre passerer vi eit stort, halvferdig murhus, det er NORAD som byggjer senter for Computer Science.

Dr. Rukooko frå Filosofisk institutt står klar på trappa ved Makerere Guest House, tek hjarteleg i mot oss, og vi ruslar opp mot universitetet. Utviklinga her har vore enorm. Studenttalet har auka frå 5000-6000 tidleg på 90-talet til 32.000 i dag. Det blir halde kurs og forelesingar nesten døgnet rundt.

Dr. Rukooko tek oss med til Faculty of Art lenger inne på Campus, der vi blir vist rundt og helsar på kollegaer og studentar: «Hello, how are you? I'm fine thank you, and how are you? Thank you I'm fine…»

— Dr. Wamala! ropar dr. Rukooko i det han ser instituttstyraren kome mot oss.

Med eit stort smil kryssar Dr. Wamala over gata og ønskjer oss «most welcome!». Saman går vi opp til filosofiinstituttet der den bærbare pc-en blir overrekt med helsingar og takk. På omvisinga får vi fylgje av nokre av Dr. Rukookos filosofistudentar opp trappene til det nyetablerte senteret for Human Rights.

Eineståande samarbeid

Sidan 80-talet har samarbeidet mellom Universitetet i Bergen og Makerere-universitetet vakse til eit omfattande og forpliktande samarbeid med utveksling av studentar og forskarar på stadig nye fagfelt. Medan basale realfag til no har vore dominerande samarbeidsområde er det denne våren er det knytt band mellom filosofiinstitutta ved dei to universiteta. «Ethics in public management» og «Human Rights and Gender» er tema ein vil samarbeide om.

— Samarbeidet med Makerere gir oss tilgang til eit felt innan anvendt etikk som er heilt nytt, seier styrar ved Filosofisk institutt Knut Ågotnes.

Samarbeidsavtalen i seg sjølv reiser ei rekkje aktuelle etiske problemstillingar. Han håpar at filosofistudentar vil nytte seg av sjansen til å studere i Uganda, og er spent på korleis dei vil tileigne seg faget innan ei heilt anna kulturell ramme.

Frå hausten tilbyr UiB også ein ny, tverrfagleg «Master in Water Studies» i samarbeid med Makerere-universitetet, og frå nyttår skal dei første norske IT-studentane kunne ta delar av utdanninga i Uganda.

— Samarbeidet er heilt unikt i nord-sør samanheng, seier Sidsel Kjølleberg ved Senter for miljø og ressursstudiar til Bergens Tidende.

Då Kjølleberg kom inn i prosjektet i 1995, var det som økonomiansvarleg for det første og største NUFU-prosjektet ved Makerere. Direktør Andreas Steigen tok over som hovudkoordinator etter fysikkprofessor Endre Lillethun i 1998, og i 1999 vart samarbeidet utvida med at dei to universiteta underteikna ein omfattande og forpliktande avtale som går over femten år.

— Korrupsjon har vore, og er framleis, eit stort problem i Uganda. Det var derfor svært viktig å etablere gode og gjennomsiktige rekneskapsrutinar, som gjorde at vi kjende oss trygge på kvarandre, seier Sidsel Kjølleberg.

Med dette har vi satt ein god, og heilt naudsynt standard for begge partar, meiner Kjølleberg.

Samfunnsbyggande forsking

Målet for mykje av forskinga som har vore gjort hittil, er å prøve å medverke til å redusere fattigdomen og betre helsetilstanden i Uganda, der 8 mill. av landets 22 millionar innbyggjarar lever under fattigdomsgrensa, og AIDS og Malaria utgjer eit alvorleg og omfattande helseproblem.

— Ugandiske myndigheiter har satsa sterkt på skule og utdanning på alle nivå, fortel Thelma Kraft ved Senter for miljø- og ressursstudier, som administrerer samarbeidsavtalen med Makerere.

— Sjølv høyrde eg president Museveni i ein tale til studentane for eit par år sidan seie at «vi har ikkje arbeidsplassane. De må sjølv gå ut på landsbygda og skape arbeidsplassar for framtida».

Thelma Kraft roser haldninga til ugandiske studentar: «I live in a Third World Country. I have to do my part».

Makerere er i ferd med å bygge seg opp til «fordums storhetstid» og studentane held ein utruleg høg standard. Norske studentar og forskarar har mykje å lære i ei tid då internasjonal røynsle betyr stadig meir i ei yrkeskarriere.

VASSFORSKING: Vekselverknader mellom natur og samfunn ved Victoriasjøen er forskingsområde for fleire fagfelt. Forureining og klimaendringar har skapt ei rekkje forandringar i verdas nest største ferskvassjø. Biletet er frå fiskelandsbyen Ggaba i Murchison Bay like utanfor Kampala.<p/>FOTO: INGEBORG KRISTVIK