KNUT AAREKOL

Eg har venta i vel ein halv time og byrjar å bli lett nervøs. Plutseleg ringjer telefonen. Det er Sara.

— No er eg her, seier ho.

— Kvar, seier eg.

— Eg står på ein plass der brusteinen er forma som ei stjerne, seier ho.

— Då veit eg kvar det er, så stå i ro til eg kjem, seier eg. Fem minutt seinare er me saman og kan gå til båthavna.

Vi ligg i Helsinki i to dagar. Det er ein vakker by. Vi reiser byen rundt med ein åpen sightseeingbuss, og får fortalt kva vi ser via hovudtelefonar. Slik får vi med oss dei mest kjende turistattraksjonane.

Eg kjøper inn kart for finskekysten og Ålandsøyane. Dei finske båtsportkarta er eksempel på kor enkelt og oversiktleg båtsportkart kan lagast. Dei er hefta saman i ein ringperm, og i kvar ringperm er det eit oversiktskart der nummeret til detaljkarta er viste. Ingen lausbladsystem, og berre kart på ei side. Baksida er brukt til å visa vanskelege gjennomfarter i større målestokk.

Draumeseilas

Ferda gjennom Finlandskjærgarden er ein draumeseilas. Vakker natur, med hundrevis av øyar og holmar, små idylliske hytter, ingen prangande palass, og stille vatn. Det er mest berre seglbåtar me møter, og dei er mange. Med dei ypparlege karta kjenner eg meg heilt trygg, sjølv i desse tronge farvatna. Dette er det eg drøymde om når det var ruskete på ferda tidlegare. Vi brukar to dagar til Hanko, som er Finnlands store importhavn. Om sumaren er det Finlands seglarparadis, og denne helga er den store regattahelga. Gjestehamna er full av seglbåtar, men vi får omsider ein plass. Det er ved sida av ein båt med ungdommar og eit forsterkaranlegg som sender vibrasjonar gjennom heile havna. Inne i byen er det og fullt. Masse ungdommar, som alle kjøper mengder av øl. Flasker, ølboksar og søppel frå gatekjøkken og kioskar flyt overalt. Det ser ille ut. Musikken frå nabobåten held oss vakne til langt på natt, men omsider stilnar det. Sara er inne på at vi burde hatt eit anlegg som kunne senda klassisk musikk og salmar ut over havna frå klokka sju om morgonen.

Dagen etter er vi ein tur i byen. Reinhaldarene har vore flinke. Mykje av søppelet er allereie borte. Utanfor politistasjonen er det kø av ungdommar som må stå til rette for bråk kvelden før. Vi gjer nødvendige innkjøp av mat, diesel og gass og dreg vidare vestover. Same vakre naturen, men været er skiftande. Det kjem nokre kraftige torebyger, og sikten er nede i få meter i det verste regnet. Men det er stille, og mellom bygene er det god sikt. Inn til Mariehavn i Åland klarnar det opp og blir fint vær. Vi får plass i gjestehamna midt i byen. Her ligg vi i to dagar. Vi gjester Sjøkvarteret som restaurerer og byggjer kopiar av gamle båtar. Det er ferie, så aktiviteten er låg. Vi er innom historisk museum som har eit veldig godt tilrettelagt program over Ålands historie.

Over til Sverige

Vi kryssar Ålands hav. Sjøen er stille, så turen går greitt. Seks timar seinare er vi fortøydd i Furusund i Sverige. Det er her Evert Taube skreiv «Vals i Furusund». Eg treffer ein eldre mann og spør om han hugsar Evert Taube.

— Ja, eg hugsar både han og Calle Scheven, svarar han, men hotellet der dei heldt til, brann ned for mange år sidan. I dag er det eit vegkryss der hotellet stod, men lysthuset som høyrde til hotellet står der framleis.

Dagen etter går vi til Stockholm der vi får plass i Wasahavnen, nesten i sentrum av byen. Litt dramatikk idet me går inn i fortøyingsbåsen. Den fleksible koplinga mellom motor og propell har gitt opp og slept taket. Dette er nok eit resultat av at propellen fekk ein bråstopp då trålposen stoppa han i Barentshavet. Sara får kasta tauet til ein hjelpsam svenske som dreg oss inn i båsen.

MØTE PÅ FERDA: Han hadde kjent både Evert Taube og Calle Scheven, mannen vi møtte i Furusund nord for Stockholm. <br/>Foto: KNUT AAREKOL