I alt ti kampfartøy med bortimot tusen mann frå den norske marinen var med under landgangen. To av skipa var flåtejagarane KNM «Svenner» og KNM «Stord». Desse tilhøyrde jagarflotiljen i den austlege dekningsstyrken. Deira oppgåve var minesveiping, eskortering av landgangsfartøya og bombardement av dei tyske stillingane.

I morgontimane låg dei to norske fartøya i fremste linje og venta på at farvatnet skulle bli sveipa ferdig for miner, slik at dei kunne nærme seg kysten. Klokka 05.30 blei dei oppdaga av tyske torpedobåtar. Tyskarane fyrte av 15 torpedoar, og fekk inn ein fulltreffar på «Svenner». Torpedoen råka midtskips, båten knakk i to og både fram og akterenden reiste seg omtrent loddrett i sjøen før dei gjekk til botnar. 33 av mannskapet på 235 omkom.

At ikkje fleire av dei 235 miste livet, skuldast det som kan karakteriserast som ordrenekt. Den allierte styrken hadde nemleg beskjed om at dei ikkje skulle stoppe, likevel kva som hende. Men fleire skipssjefar tøygde denne ordren så langt dei kunne. I staden for å stoppe, sakka dei farten og greidde dermed å plukke overlevande opp frå sjøen.

At «Svenner» blei treft var truleg heilt tilfeldig, og kanskje som følgje av eit bomskot. For mykje tyder på at den norske jagaren aldri var målet, då tyske torpedobåtar fyrte av mot landgangsstyrken. Truleg var det dei store slagskipa tyskarane håpa å treffe.

FLÅTEJAGAR: KNM «Svenner».

FOTO: SJØFARTSMUSEETS SAMLINGER