HANS K. MJELVA

Sidan gisselaksjonen starta på første skuledag ved Skule nr. 1 i Beslan i Nord-Ossetia, har tv-stasjonar over heile verda vist bilete av desperate foreldre som er samla utanfor skulen.

— Foreldra vil vere merka for heile resten av sitt liv, for dette råker det viktigaste i livet vårt. Det ligg djupt i oss biologisk at vi må redde og verne barna våre, og her blir ein makteslaus, seier Magne Raundalen på Senter for Krisepsykologi i Bergen.

Sjølv om gisselaksjonen skulle ende bra og barna kjem frå det i livet, vil foreldra slite med hendinga i mange år framover, seier Raundalen.

— Eg hadde ei mor i terapi som hadde fått fråstole bilen med barnet i. Tjuven oppdaga barnet og stoppa etter 600 meter - ho såg bilen heile tida. Likevel var ho ute av jobb i halvanna år etterpå, seier han.

Atle Dyregrov, som er kollega med Raundalen, seier uvissa om kva som vil skje i ekstreme tilfelle kan føre til at folk nesten går til grunne.

— Eg trur at foreldra på mange vis har det verre. Dei står utanfor og veit ikkje kva som skjer. Menneske tåler uvisse veldig dårleg. Her er det ikkje berre barna som blir traumatisert, seier Dyregrov.

Ser på dei vaksne

Dei to psykologane er blant dei fremste i verda på krisereaksjonar hjå barn, og er sjølvsagt forferda over at barn no har blitt mål for politisk motiverte terroristar.

— I utgangspunktet er desse barna påført store skader som kan prege dei resten av livet, seier Raundalen.

Kor sterkt hendinga vil merke barna i ettertid er avhengig av fleire faktorar. For dei minste barna, spesielt dei i førskulealder, er det viktigast korleis dei vaksne inne på skulen reagerer. For eldre elevar vil det i større grad vere avhengig av deira eigne opplevingar.

— Generelt er det tre faktorar som bestemmer korleis det går med barn i slike situasjonar. For det første kva dei blir eksponert for - har dei vore vitne til drap, blir det sikta med våpen mot dei, får dei gå på toalettet og så bortetter. For det andre den tidlegare historia til barna, og for det tredje støttesystemet - korleis lærarar og foreldre er i stand til å handtere dette innanfor og korleis det blir handtert i etterkant, seier han.

Sjølv om mange vil få store problem resten av livet som følgje av ein slik aksjon, kan det gå betre for andre.

— Mange klarer seg trass ekstreme situasjonar. Med hjelp frå foreldre, og med fagleg hjelp vil mange få på plass reaksjonane og gå vidare i livet, seier Dyregrov.

- Gje etter for alle krav

Dei to psykologane er usamde om korleis ein bør reagere på gisselsituasjonen i Nord-Ossetia. Medan Dyregrov meiner det kan vere farleg å gje etter for terroristane sine krav, fordi det kan føre til nye tilsvarande aksjonar, meiner Raundalen ein bør gje etter for alle krav.

— Når det gjeld barn må ein gje etter. Det er klart ein må forhandle og bruke alle andre verkemiddel. Men blir det trua med å drepe barna, må ein gje etter, seier Raundalen, som meiner noko anna vil plassere oss i same bås som terroristane.

— Men det vil kunne føre til at det same kan skje igjen med andre barn?

— Då må vi gi etter då òg. Men så kan ein setje inn all verdas ressursar for å få tak i desse og straffe dei etterpå. Men at ein skulle risikere livet til barna der og då, tykkjer eg er heilt forferdeleg, seier Raundalen.