Det er det populærvitskapelege magasinet New Scientist som i si siste utgåve tar opp ti gåtefulle spørsmål om oss sjølve. Menneskearten er snål, minner magasinet om, og viser til at vitskapen strevar med å finne forklaringar på mange av våre sære trekk.

Det er det populærvitskapelege magasinet New Scientist som i si siste utgåve tar opp ti gåtefulle spørsmål om oss sjølve. Menneskearten er snål, minner magasinet om, og viser til at vitskapen strevar med å finne forklaringar på mange av våre sære trekk.

Men nokre svar finst.

Kvifor rødmar vi?

Charles Darwin grubla over dette spørsmålet. Mennesket er det einaste vesenet som rødmar. Men kvifor skal ein art som vår – som gjerne skaffar oss personleg gevinst gjennom manipulasjon av andre – gjere noko så uproduktivt som å rødme? Darwin gav seg på heile greia.

Men andre har seinare lansert teoriar. Nevrovitskapen, for eksempel, har merkt seg at kvinner rødmar mest. V. S Ramachandran ved University of California, trur evolusjonen har skapt fenomenet for at kvinner skal kunne demonstrere kor ærlege og oppriktige dei er – og slik lokke menn til å befrukte dei.

– Rødminga fortel at «eg kan ikkje lure deg. Spør du meg om utruskap, kan eg ikkje lyge», forklarer Ramachandran til New Scientist.

Meir om rødming

Kvifor ler vi?

Robert R. Provine, mannen bak klassikaren Laughter: A Scientific Investigation (Latter: ei vitskapeleg undersøking), er autoritet på området. Han trur latteren oppstod før vi vart menneske som ein respons på kitling.

Apane «ler» når dei blir kilt – dette har gjennom evolusjon blitt til vårt «ha-ha» hevdar forskaren. Så når hjernane vår vaks, fekk latter ein sosial funksjon, nemleg å knyte folk saman.

Andre forskarar har forresten slått fast at menn er meir morosame enn kvinner, at menn generelt tilbyr humor på kvinner sine bestillingar.

Meir om latter

Kvifor har vi kjønnshår?

Pussig nok har mennesket (ulikt andre primatar som har hår overalt elles) godt med hår rundt kjønnsorgana. Det finst ikkje noko god forklaring på dette, hevdar New Scientist. Den mest utbreidde teorien knyter seg til sex. Kjønnshår hjelp til å promotere dei rette duftene.

Meir om kjønnshår

Kvifor tenåringar?

Vi er ikkje berre den einaste arten med kjønnshår. Vi er også dei einaste som må/får vere tenåringar. Også dette feltet har sine autoritetar – blant dei er Cambridge-professoren David Bainbridge. Han seier:

– Utan tenåringar ville vi aldri blitt heilt menneske. Det er den viktigaste fasen i menneskelivet, seier han til New Scientist.

Fordi: Hjernen omorganiserer seg i løpet av desse åra, sjølv om den er like stor når vi er 20 som då vi var 12. Dette gjer hjernen for at vi skal kunne takle det sosiale og psykologiske landskapet som gjer det så utfordrande å vere menneske – som gjer oss til menneske.

Men dette er langt frå den einaste tenåringsteorien:

Meir om tenåringar

Kvifor drøymer vi?

Freud er ut. Hjernforsking er inn.

Draum er ein slags kjensleregulator, ifølgje hjerneforskaren Patrick McNamara i Boston. Dess meir REM-søvn, dess meir < > av kjensler vi har på minnet. Eit teori går ut på at vi kan kvitte oss med særleg sterke minner i draumen – men utan å bli pumpa full av stresshormona, slik som i den verkelege verda.

Meir om draum

Kvifor er vi altruistiske? (gode og ueigennyttige)

Nja, er vi no det? Nei, meiner mange. Alle handlingar vi gjer for andre, gjer vi i grunnen for oss sjølve når det kjem til stykke. Men ikkje alle ser slik på det. Kanskje er det ikkje genetisk evolusjon som ligg bak. Kanskje var det slik at vore forhistoriske forfedrar forma sitt eige miljø gjennom kultur (og ikkje berre var underlagt biologisk evolusjon)? Denne utviklinga kan ha skapt eigenskapar som ikkje berre favoriserer eitt individ over eit anna – men også ei gruppe over ei annan. Slik kan vi faktisk utvikla oss til å gjere gode gjerningar utan at dei nødvendigvis skal by på fordelar for oss sjølve, trur forskarane. Sosialt fellesskap treng altruisme.

Meir om altruisme

Kvifor lagar vi kunst?

Her strevar naturvitskapen. Det kan som vanleg ha med sex og forplanting å gjere. Nokre hevdar kunst er rein utstilling av evolusjonistisk suksess. Studiar viser at kreativitet og intelligens heng i hop. Nokre forskarar peikar igjen på den sosiale funksjonen. Magiske og rituelle aktivitetar har ein tendens til å skape sosialt samhald – og dess meir sosial styrke, dess meir levedyktig gruppe. Men den estetiske sansen, kvar kjem den ifrå? Sei det.

Meir om kunst

Kvifor er vi overtruiske?

Det er grunn til å tru på overtru, skal vi tru New Scientist.

Hjernane våre er flinke til å sortere strukturar og orden rundt oss, seier Bruce Hood, forskar ved University of Bristol. Samstundes reknar vi med at det som skjer framfor augo våre har ein årsak i noko som har hendt før. Denne kombinasjonen opnar oss opp for overtru. I følgje Hood er det gode grunnar for at evolusjonen har tatt vare på overtru. For å overleve må vi vere i stand til å spekulere i uklare årsaksforhold, meiner han.

Meir om overtru

Kvifor kysser vi?

Vi er ikkje genetisk disponert for å kysse, sjølv om det kan verke slik. Kyssing er noko som foregår i mange, men ikkje alle kulturar. Vitskapen kan ikkje seie så veldig mykje fornuftig, bortsett frå at leppene våre er blant dei mest sensitive delane av kroppen – og dermed stappa med nerveceller knytt til belønningssentra i hjernen. Det kjennest godt å kysse, og kyssing reduserer nivåa av stresshormon i kroppen.

Meir om kyssing

Kvifor piller vi oss i nasen?

New Scientist reknar også dette til å vere blant dei store mysteria i livet, og dei er ikkje åleine. I 2001 fekk Chittaranjan Andrade og B.S. Srihari i Bangalore i India Ig-nobelprisen (nobelprisparodi) for si forsking på nasepilling. Talmaterialet deira viser at nesten alle tenåringar i skular i Bangalore innrømmer at dei driv med slikt, gjennomsnittleg fire gongar om dagen. Men berre 4.5 prosent vedgår at dei et nasebobbane sine. Sannsynlegvis er det mørketal her, fastslår New Scientist, men spørsmålet blir ståande: Kvifor vel nokon å ete sitt eige snørr?

Meir om nasepilling