— Vi er heilt hjelpelause. Vi sit framfor fjernsynet og følgjer med på det forferdelege som skjer i Betlehem og Ramallah. Mange gret, vi føler både sorg og raseri, seier Moslih Kanaaneh (48) på telefonen frå landsbyen Araba i Israel, mellom Golanhøgda og Haifa.

Hos seg har han den norske kona si, Marit Netland, og dei to barna deira, Jonas på fire og Mai Nasrin på elleve. For sju månader sidan flytta familien til Moslihs heimby, etter 20 år i Noreg.

— Vi lever i ein krigstilstand. Her i byen er det roleg, men det kjennest som å bu i husarrest, seier sosialantropologen, som har norsk doktorgrad og som arbeider med å få på beina eit senter for barn med psykiske skader av krig og ufred.

Det arbeidet har praktisk tala stoppa opp. Nødvendig kontakt med offentlege palestinske kontor er gjort uråd.

Ingen kontakt

Å reise til andre byar med jødisk busetting er uaktuelt.

— Dersom det skulle gå av ei bombe, må vi som palestinarar rekne med å bli arrestert. Og då veit ingen kva som skjer. Det er også vanskeleg å ta seg fram, med trakassering og vegsperringar over alt, seier 48-åringen.

Dei næraste jødiske nybyggjarane bur berre 1,5 kilometer utanfor landsbyen, men det er absolutt inga kontakt mellom dei og palestinske Araba. Palestinarane som pendlar til storbyen Haifa vågar ikkje lenger å gå på arbeid.

— Dei veit at ein del av jødane er så rasande at dei risikerer å bli møtt med vald. Sjølv var eg nettopp i Vest-Jerusalem. Det var skremmande. Eg kunne ikkje snakke arabisk eller på anna vis la dei forstå at eg var palestinar, det ville vere for farleg, seier Kanaaneh.

Demonstrerer i dag

Dagane går med til å følgje med på nyheitene. På gatene blir mat og medisin samla inn til palestinarane på Vestbreidda og i Ramallah. Det blir også samla inn blod til den hjelpeorganisasjonen Raude Halvmåne.

Dei to barna får ikkje lov til å sjå på fjernsynsnyheitene.

— Det er for brutalt. Men dei får jo høyre ting ute på gata. Det spørst kor lenge vi greier å skjerme dei, seier Kanaaneh.

I dag klokka 12 blir han å finne i ein demonstrasjon ved vegsperringa mellom Jerusalem til Ramallah.

— Vi håpar at mange tusen palestinarar frå Israel møter fram. Dette handlar om eksistensen til det palestinske folket. Det som skjer no er at Ariel Sharon berre produserer fleire sjølvmordsbombarar. Israel må pressast til å endre politikken og gje oss heilt elementære rettar. Det finst ingen annan utveg, seier Kanaaneh.

UTSETT: - Dersom det skulle gå av ei bombe, må vi som palestinarar rekne med å bli arrestert, seier Moslih Kanaaneh.
ARKIVFOTO: JAN TYSTAD