Partiet vil dermed bryta med samarbeidspartia, Høgre og Framstegspartiet, og saman med dei andre sentrumspartia og venstrepartia sikra fleirtal for at ordninga vil halda fram til utgangen av 2006.

Høgre og Framstegspartiet røysta for å avvikla ordninga når prøveordninga går ut 31. mai.

Gruppeleiar Pål Kårbø stadfestar overfor Kystradioen at KrF er delt i saka og at det var ein lang debatt på gruppemøtet i går kveld.

Det er likevel klart at KrF i fylkesutvalet 15. mai vil samla røysta for forlenging av ordninga. Partiet går imot å utvida ordninga til også å gjelda reisande frå Os, Askøy, Sotra og Øygarden i denne omgang.

Partiet vil også føreslå at fylket samarbeider med Bergen kommune og får vurdert endring av takstsonene og eventuelt oppheving av ordninga med takstfrys. Gruppeleiar i Framstegspartiet, Terje Søviknes, vil ikkje kommentera KrF si avgjerd før det blir eit felles gruppemøte mellom samarbeidspartia på måndag.

EIRIK BREKKE