Grindkvalane var i Raunefjorden i nærmare to timar, og dei største var opp mot fem-seks meter lange.

— Eg og mannen min var ute på fisketur, og oppdaga kvalane heilt tilfeldig. Det var utruleg å få dei så nært innpå seg, seier Lokøy, som bur på Klokkarvik.

Gammal kvalfangar

Også onklane hennar Ingemund (78) og Øystein (76) Sangolt fekk oppleva kvalane.

— Dei blei heilt ville og galne. Kvalane minte dei om gode gamle dagar. For dei var det årets oppleving, seier Lokøy.

Ingemund Sangolt var med då den siste kvalen blei fanga i Skogsvåg i 1960.

— Det var ein bardekval, og det kjem eg alltid til å hugsa, seier han.

Men denne gongen blei det ingen fangst, ettersom grindkvalen er freda.

Broren hans, Øystein, bur på Sørlandet og var tilfeldigvis på besøk.

— Han synest det var fantastisk å oppleva dette. For meg og var dette ei stor oppleving. Eg ser dårleg no, men eg livnar til kvar gong eg kjem ned i båten. Me kjem til å leva lenge på dette, seier Sangolt.

100 grindkvalar

Dei trur det kan ha vore opp mot 100 grindkvalar samla.

Dersom du vil sjå kval på nært hald, er det tida for det no, ifølgje kvalforskar Nils Øien.

— Det finst store mengder grindkval i heile Atlanterhavet, og dei trekkjer gjerne innover mot norskekysten på seinsommaren. Dei som vil ha nærkontakt med kval, bør ta med seg kikkert og kamera og koma seg ut på fjorden no, seier Øien.

Ifølgje kvalforskaren er det ikkje uvanleg at det er 100 grindkvalar i ein flokk.

— Grindkvalen er eit typisk flokkdyr, og flokkane kan vera svært store. Det kan vera så mange som eit par hundre i ein flokk. Men det er vanskeleg å telja ein flokk med kvalar, seier Øien.

Har du sett kval på nært hald? Skriv eit innlegg her.

FLOKKDYR: Grindkvalen liker seg best i store flokkar. På seinsommaren trekkjer dei inn mot norskekysten på jakt etter sild og brisling.
KIRSTEN TORIL LOKØY
KIRSTEN TORIL LOKØY
KIRSTEN TORIL LOKØY