Kaptein Stian Negaard Nilsen i Luftforsvaret var prosjektansvarleg då Faryab United besøkte Norway Cup i fjor, og var primus motor også i år. Han seier han først i ettertid er vorte klar over at Forsvarsdepartementet tidlegare i sommar hadde takka nei til å hjelpe eit jentelag frå Kabul.

**Les også:

Skal få kome til Oslo neste år**

Engasjerte seg

I fjor arbeidde han som presseoffiser i den norske leiren i Maimana i Faryab.

— Det var forsvarsminiter Anne-Grete Strøm-Erichsen som inviterte laget i 2009, og eg vart ansvarleg for å ordne det praktiske, seier Negaard Nilsen.

Då han på vårparten i år forsto at det ikkje låg an til at Faryab United ville bli invitert på nytt, engasjerte han seg – sjølv om han ikkje lenger arbeider i Afghanistan.

— Eg ville prøve å få til det same i år. Eg utnemnde ein prosjektleiar, og ein som skulle vere ansvarleg for opplegget her i Noreg, seier Negaard Nilsen.

Han fekk med seg Luftforsvaret, og ein prosjektsøknad vart sendt til Forsvarsdepartementet med bønn om støtte – som vart innvilga.

- Kvifor trur du jentelaget fekk nei, medan din søknad gjekk igjennom?

— Kanskje var det lettare for oss å få det til, fordi vi veit korleis systemet fungerer, seier Negaard Nilsen.

Ukjent At det var arbeidd med eit jentelag frå Kabul, var ifølgje Negaard Nilsen ukjent for han inntil for få dagar sidan.

— Det visste eg ingenting om. Mitt inntrykk er at alle har gjort ein innsats for å få Faryab United til Oslo, både i Forsvarsdepartementet og i Utanriksdepartementet.

Kapteinen meiner det er fornuftig å invitere ungdom frå Afghanistan til Norway Cup på denne måten.

— Det er moro å gi dei denne opplevinga. Eg meiner også det er eit bidrag til å skape kulturell forståing, både hos dei som er på besøk og blant dei norske ungdommane som afghanarane får møte, seier Negaard Nilsen.