• Raftoprisen gjer meg audmjuk. Eg tenkjer på alle dei som har ofra livet, og tek imot på vegner av dei, seier Paulos Tesfagiorgis til BT.

I går kom Raftopris-vinnar Paulos til Bergen. Den tidlegare fridomskjemparen har i meir en 20 år arbeidd for menneskerettar og demokrati i Eritrea.

— Hadde du høyrt om Raftoprisen før?

— Nei, aldri. Eg visste ikkje heilt kva eg skulle meina då eg fekk meldinga om prisen. Men så fekk eg høyra lista over tidlegare prismottakarar. No er eg svært audmjuk i høve til å få denne prisen. Men eg ser og at den legg eit stort ansvar på meg, eg må halda fram med arbeidet, seier Paulos.

Ofte i Norge

Om han ikkje har høyrt om Raftoprisen, har han lenge hatt eit forhold til Norge. Hit kom han først i 1976, og sidan har han vore her årleg i møte med Kirkens Nødhjelp, Raude Krossen og andre organisasjonar.

— Men i Bergen er du for første gong?

— Ja, elles har det berre vore Oslo. Alltid Oslo, smiler Paulo. I går vart han grundig feira i Bergen, på kulturhuset-USF.

— Kva trur du prisen vil ha å seia for det vidare arbeidet?

— Svært mykje. Det eritreiske folket kjenner seg gløymde og forlatne av resten av verda. Prisen vil få verdssamfunnet til å sjå Eritrea. Han vil opna dører og gjera det lettare å knyta kontaktar. Ein slik pris vil også leggja press på regjeringa, og gje arbeidet vårt ein klarar profil, seier Paulos.

Jusprofessor

Den tidlegare fridomskjemparen frå kampen mot Etiopia gjorde eit klart val då Eritrea vart fritt i 1991. Mannen, som alt i mange år hadde drive humanitært arbeid i dei delane av Eritrea som var utanfor etiopisk kontroll, gjekk ikkje inn i regjeringa. Han valde heller ei stilling som professor i jus ved universitetet i Asmara.

— Kva gjekk gale i Eritrea etter at landet vart fritt?

— Dei som hadde kjempa for fridomen tok over styringa av landet. Og dei tok med seg den militære mentaliteten, og oppfører seg som om dei framleis er i krig, seier Paulo. Han fortel om ei veldig optimisme etter frigjeringa, som snart vart avløyst av ei uro over tiltakande hardstyre.

Trist eksil

— Det tok lang tid før omverda oppdaga det. Eksileritrearane og det eritreiske folket er kjende som lovlydige og hardtarbeidande folk. Verdssamfunnet rekna med at dei ville klara å skapa ein demokratisk stat når dei berre fekk fridomen.

— Korleis har det seg at du, som kjem frå eit slikt blodig hjørne av verda, har valt ein konsekvent ikkjevaldeleg kamp?

— Eg har vore heldig. Gjennom det humanitære arbeidet kom eg tidleg i kontakt med organisasjonar som sette menneskerettar og demokrati i høgsetet. Den juridiske utdanninga og bakgrunnen min gjer og at eg kan sjå alternative løysingar på konfliktar, seier Paulo.

No må han sjå sitt kjære Eritrea i forfall, der dei lovlege institusjonane ikkje lenger fungerer, og der opposisjonen blir knust.

— Kan du reisa attende?

— Nei, og det er uendeleg trist. Det er eit gode å kunna vitja andre land, men når ein ikkje kan reisa heim att er det berre trist, seier årets raftoprismottakar.

— Kor lenge er det sidan sist du var i Eritrea?

— I april var det to år. Like etter at eg reiste byrja dei å arrestera folk. Aktive samfunnsborgarar som berre forsvann utan lov og dom.

Ikkje utan håp

— Ser du ei løysing for Eritrea?

— Det er vanskeleg, men ikkje håplaust å finna ei løysing. Folket er lojalt, men dei likar ikkje det som skjer no. Eg trur folk stadig vil våga å snakka høgare mot regjeringa og at dette kjem til å enda i motstand. Sjølv om vi no ser einskilde små væpna grupper trur eg ikkje det eritreiske folket vil søkja endring gjennom vald, seier Paulo.

— Husk at vi er ein liten nasjon, berre 3,5 millionar menneske, tett knytte saman med sterke familieband og ein lang fridomskamp. Eg har tru på at vi kan skapa ei demokratisk framtid, legg han til.

VIKTIG PRIS: I går kom menneskerettsforkjemparen Paulos Tesfagiorgis til Bergen for å ta imot Raftoprisen. Han seier prisen har mykje å seia for kampen for demokrati i Eritrea.<p/>FOTO: EIRIK BREKKE