Kampen om toppstillinga i FNs utviklingsprogram (UNDP) har stått mellom den norske utviklingsministeren Hilde Frafjord Johnson og Tyrkias tidlegare finansminister og visepresident i Verdsbanken, Kemal Dervish.

Men Frafjord Johnson er no soleklar favoritt. På oppløpssida skal ho ha fått solid støtte frå viktige utviklingsland som India, Sør-Afrika, Nigeria, Tanzania og Brasil.

— I tillegg har Tyskland gått svært langt i si støtte til Frafjord Johnson, seier ei svært velinformert kjelde i FN-systemet til BT.

På plass i mai

Toppstillinga i UNDP blir rekna som den viktigaste i FN-systemet - etter generalsekretæren. Og etter det BT forstår, kan statsminister Kjell Magne Bondevik alt no begynne å sjå seg om etter ein ny utviklingsminister.

For aller helst vil generalsekretær Kofi Annan ha den nye sjefen på plass alt tidleg i mai, for å vere med på å førebu toppmøtet i FN i slutten av september.

Dersom dette ikkje er praktisk mogleg, kan den nye sjefen dryge til tidleg i oktober. Men det er vanleg at regjeringa gjev slepp på folk som er utpeikt til så høge internasjonale verv.

Etter Frafjord Johnsons jobbintervju hos Kofi Annan i førre veke, gav ho uttrykk for at ho var svært spent på utfallet.

Svar kan kome i dag

Tyrkiske Dervish skal no langt på veg vere ute av konkurransen. Det same er tilfelle for ein UD-byråkrat frå Japan etter jobbintervjuet hos generalsekretæren fredag.

USA har vore rimeleg nøytral i prosessen, men det vart lenge spekulert i om amerikanarane ville gje si støtte til den britiske kandidaten Valerie Ames, tidlegare bistandsminister i Storbritannia. Ames vart lansert av Tony Blair.

Det er heilt opp til generalsekretær Annan når han vil kunngjere kven som får denne prestisjestillinga. Men etter det BT forstår, kan dette skje alt i dag eller onsdag. Annan har hovudansvaret for å peike ut UNDP-sjefen, men han konsulterer styret for UNDP før han tek si avgjerd.

Den endelege godkjenninga av den nye UNDP-sjefen gir medlemslanda i FNs generalforsamling.

<b>DANKA UT KONKURRENTANE</b><b>:</b> Etter det BT erfarer, er Hilde Frafjord Johnson i ferd med å trekkje det lengste strået, og kan alt i dag bli utnemnt til toppjobben i FNs utviklingsprogram. <p/> FOTO: SETH WENIG, REUTERS