«Utviklingsrunden» er dei vorte kalla, WTO-forhandlingane som tok til i Quatars hovudstad Doha for fire år sidan, og som denne veka går vidare i Hongkong. Kamp mot fattigdom gjennom ein friare og meir rettferdig verdshandel skulle vere målet.

Sist ministrane møttest, i meksikanske Cancun i 2003, endte det med fiasko. USA og EU greidde ikkje bli samde med ei rekkje fattige land om handelen med landbruksvarer, og i WTO må alle vere med samde for at det skal bli ein avtale. Dermed sprakk timeplanen. Deadline er nå flytta fram to år, til utgangen av 2006.

Alle synest samde om at det hastar, først og fremst fordi George W. Bush har ein vid forhandlingsfullmakt som går ut sommaren 2007, og som han neppe vil få forlenga.

TONY BLAIR SEIER at «millionar av menneske skal få sjansen til å kome seg ut av fattigdommen». Men trass retorikken: WTO er ikkje Band Aid, George W. Bush er ingen Bob Geldof, og Jens Stoltenberg er ikkje «Sammen for livet»s Halvdan Sivertsen.

I forhandlingane i Hongkong står store eigeninteresser på spel. Men dei fleste greier samtidig å finne eit u-landsargument til å støtte opp under krava sine — både fordi det er delte meiningar om kva som er best medisin mot fattigdom, og fordi dei fattige landa har vidt forskjellige problem å stri med.

Slik kan for eksempel EUs sjefsforhandlar, briten Peter Mandelsohn, krevje at land som India, Kina og Brasil må opne for meir konkurranse på områda industrivarer og tenester. Det vil opne nye store marknader for europeiske selskap, som er fint for EU, men samtidig også gje indarar og kinesarar rimelegare varer og tenester. Og deira heimlege selskap vil ha godt av konkurranse for å bli betre.

NÅR MANDELSOHN BLIR BEDT om å bli med på drastiske kutt i tollsatsane for landbruksvarer i EU, kan han vise til at dette vil ramme enkelte u-land hardt, fordi dei i dag har spesialavtalar som gir tilgang til EU-marknaden. Det gjeld blant anna sukkerprodusentar i tidlegare koloniar. Med tollkutt for alle, vil desse bli utkonkurrert av andre land som kan produsere billegare, åtvarer Mandelsohn. At han med dette også gir EUs eigne sukkerbønder sårt tiltrengt støtte, veit alle.

I SAMLE-SEKKEN «U-LAND» finst alt frå jordbruksgigantar som Brasil og Argentina, med ein stor, høgt utvikla og konkurransedyktig matvareindustri, til utfattige, krigsherja små land i Afrika. Dermed kan Norges Bondelag slå attende mot angrep på dei store norske landbrukssubsidiane med at det er styrtrike matvarebaronar i Sør-Amerika som vil tene på kutt i norsk matvaretoll, ikkje fattige småbønder i Afrika.

Dei 50 minst utvikla landa blir elles skjerma for kutt i toll på industrivarer og landbruksprodukt i Doha-runden. I forhandlingane blir dei leia av Zambias handelsminister Dipak Patel. Han har varsla at bomullssubsidiar blir deira viktiagste kampsak: Benin, Mali, Burkina Faso og Tsjad dyrkar store mengder bomull, og vil ha slutt på at amerikanarane dumpar sin eigen, subsidierte bomull på verdsmarknaden. Nå trugar dei med å velte heile WTO-runden, dersom ikkje USA kjem dei i møte.

TANKEN BAK DET HEILE er at ein friare verdshandel skal gje meir vekst og velstand for alle; kaka skal gjerast større.

Men frihandels-ekspertane i Verdsbanken har for lengst begynt å nedjustere forventningane til Doha-effekten.

Full frihandel med industri- og landbruksvarer verda over kunne dra over 100 millionar menneske ut av djup fattigdom, ifølgje dei mest optimistiske berekningsmodellane frå 2002. Med den retningen forhandlingane har tatt sidan den gongen, er forventningane kraftig skrudd ned: Ifølgje tidsskriftet The Economist viser bankens reknestykke at eit sannsynleg kompromiss, slik det ligg an i dag, berre vil hjelpe 2,5 millionar menneske ut av miseren.

Det foruset at ikkje heile runden bryt saman, noko WTO har gjort sitt beste for unngå: Det er semje om at eit endeleg utkast til avtale først må vere klart neste år, noko som skal gjere sjansene for eit samanbrot i Hongkong mindre.