4. april i år small det igjen i provinshovudstaden Maimana i Faryab: Ein sjølvmordsbombar sprengde seg og motorsykkelen sin i ei folkemengde ved grønsaksmarknaden. Tre amerikanske soldatar var blant dei drepne. Men dei fleste av dei 16 døde var sivile afghanarar.

— Eg snakka med folka våre der seinast i dag. Vi har store, store problem i Faryab, og er ekstremt uroa, seier Ziggy Garewal, landsjef for hjelpeorganisasjonen ACTED. Dei driv ei rekkje landbyutviklingsprosjekt i Faryab – blant anna med norske bistandspengar.

Norsk ansvar sidan 2005

Ferske tal frå FNs kontor i Afghanistan viser at 76 sivile afghanarar vart drepne i Faryab første halvår i år. Det er 58 prosent av alle drepne i dei fem provinsane som FN definerer som Region nord. Talet på skadde og talet på trefningar, angrep og attentat følgjer same mønster: 90 av totalt 185 skadde sivile i nord var å finne i Faryab, 65 av totalt 120 hendingar skjedde i denne provinsen.

Naboprovinsane Balkh, Jawzjan, Samangan og Sari Pul har alle langt lågare tal.

Dei siste sju åra har Noreg brukt milliardar av kroner på å skape fred og framgang i Faryab. Norske styrkar tok over det militære ansvaret for provinsen i 2005, og har hatt brorparten av Afghanistan-styrken stasjonert her. Også på sivil side har Faryab hatt førsteprioritet: 15–20 prosent av norsk bistand til Afghanistan har vore øyremerkt Faryab, som er ein av Afghanistans minst utvikla provinsar.

Dei norske pengane har vore brukt på vegar, helsestell, vassforsyning og skular - og på militære operasjonar og opplæring av afghansk politi og hær.

Mange konfliktlinjer

— Det har vorte verre og verre det siste året. Vi har problem med å få folka våre inn i områda, vi har problem med tryggleiken når dei er der, og vi har problem med å overvake og evaluere arbeidet undervegs, seier Ziggy Garewal i ACTED, som i mange år har arbeidd med bistand i Afghanistan.

Konfliktlinjene i Faryab har lenge vore uoversiktlege, med både etniske og politiske spenningar mellom ulike grupper. Taliban har ikkje stått spesielt sterkt.

— Om vi hadde stått overfor berre ei gruppe, hadde det vore enklare. Men det er ei lang rekkje opprørsgrupper og kriminelle bandar, og svært vanskeleg å få oversikt, seier Garewal.

Bortfører hjelpearbeidarar

Organisasjonen ANSO (Afghanistan NGO Safety Office), som overvakar tryggleikssituasjonen for hjelpeorganisasjonar i landet, har i lang tid meldt om aukande uro i Faryab. Det har blant anna vore fleire bortføringar av hjelpearbeidarar – eit fenomen som elles ikkje har vore vanleg Nord-Afghanistan.

I mai melde ANSO om ein "signifikant auke" i ufreden i Faryab så langt i 2012. Dei slo fast at forverringa har vore meir alvorleg her enn i nokon annan provins i Nord-Afghanistan hittil i år.

Målretta attentat

FN-statistikken for Nord-Afghanistan viser at dei internasjonale militære og regjeringsstyrkane berre står for 12 prosent av dei sivile tapa.

Særleg heimelaga vegbomber og sjølvmordsbombarar tek mange liv. Det har dessutan vore ein skarp auke i talet på målretta drap: Landsbyleiarar, mullaar og offentleg tilsette blir utsette for angrep.

— Skulda for desse drapa blir gjerne lagt på Taliban. Men det vi får høyre, er at andre grupper ofte står bak, seier Garewal.

Ho peikar på at dei politiske konfliktane har auka i Faryab. Den mangeårige guvernøren i Faryab, Abdul Haq Shafaq, har gått av og er erstatta av ein tadsjik.

— Tadsjikane dominerer også i hæren. Vi ser at ulike grupper prøver å væpne seg og konsolidere posisjonen sin, nå som nordmennene forlèt provinsen. Eg fryktar at vi vil sjå ein lågskala borgarkrig her framover, seier Garewal.

Forsvarets pressetalsmann i Afghanistan, Dag Rydmark, seier at Faryab lenge har vore den mest ustabile provinsen i regionen.

— Den er perifert lokalisert med ein lite utbygd infrastruktur. Dei historiske konfliktane og maktkampane mellom dei ulike partane har vore mykje kraftigare her enn i dei andre regionane. I tillegg er dette den regionen i nord der opprørarane har fått fotfeste, seier Rydland om kvifor flest sivile er drepne her.

Samanlikna med dei sørlege delane av landet er Nord-Afghanistan framleis relativt roleg. Totalt vart 3021 sivile drepne i Afghanistan i fjor. Det var 231 fleire enn i 2010.