Norsk Retrieverklubb vil betale, dersom nokon av medlemmene vil gå til rettssak mot Jølster kommune, skriv Firda i dag.

Temperaturen i hundesaka på Skei stig ytterlegare, etter at Norsk Retrieverklubb har engasjert seg. Klubben, som kallar seg Norges største raseklubb, seier at dersom forslaget om at det berre skal vere lov å ha ein hund i kvar husstand i Jølster, blir vedteken, vil dei stille økonomisk garanti dersom nokon av medlemmene går til rettslege steg mot kommunen.

— Eg kan ikkje sjå at det er skilnad om nokon har fem ungar eller fem hundar i eit bustadfelt. Dersom eg ikkje likte ungar som bråka søndag morgon, så hadde eg gjort noko med det. Då hadde eg flytta til ein plass der eg slapp å høyre på det, seier Silje Hatlen, leiar i Norsk Retrieverklubb avdeling Sogn og Fjordane til Firda om saka.