Det var i midten av april at lensmannskontoret i Førde gjorde det uvanlege funnet.

I jakta på tjuvegods frå ein serie med innbrot i området etter nyttår, hadde politiet fått løyve til ransaking i eit bukollektiv i Førde. Det var på den eine av hyblane at det uvanlege funnet blei gjort.

— Bak nokre CDar i eit videoskap fann vi to slangar. Dei var tilsynelatande trygt plasserte i kvar sitt glasbur, fortel politibetjent Jan Bjarte Skrøppa til Firda.

Skrøppa og hans kvinnelege kollega gjorde ikkje noko forsøk på å gjere seg betre kjende med dei to krypdyra.

Dei kontakta i staden Mattilsynet som kunne slå fast at det var snakk om kvelarslangar av typen brasiliansk regnbogeboa. Den minste, ein unge, var ein knapp meter lang. Den vaksne slangen var ein dryg meter.

Slangeeigaren, ein mann tidleg i 20-åra, forklarte at han er allergisk mot andre dyr. Kjæledyr ville han derimot ha, og slangane hadde han fått for eit år sidan av vener på Austlandet. Mannen kan no vente seg førelegg for ulovleg dyrehald.

Dei to slangane blei prøvd omplasserte til dyreparken i Kristiansand, men dei var ikkje interesserte. Deretter blei slangane avliva, forresten ikkje heilt utan dramatikk. Den eine slangen beit veterinær John R. Hanevold i fingeren.

— Denne arten er ikkje giftig, men dei ber ofte med seg salmonellabakteriar. Men eg har ikkje hatt komplikasjonar, seier Hanevold.

MATTILSYNET