Astrid Forland er professor ved Historisk institutt, UiB

Arbeidet for å hindra spreiing av kjernevåpen har pågått like lenge som atomvåpna har eksistert, med ikkje-spreiingsregimet som resultat. «Regime» blir i denne samanhengen brukt som ei fellesnemning for normer, folkerett, institusjonar og organisasjonar som er blitt til for å hindra bruk og spreiing av kjernefysiske våpen.

Den aller viktigaste norma er kan henda «atomtabooet», som vart til under den kalde krigen, og som innebar at sjølv om USA og Sovjetunionen kapprusta for harde livet, var dei stillteiande einige om at kjernefysiske våpen var ikkje til for å brukast. Til det var dei for øydeleggjande. Dei enda derfor opp som avskrekkingsvåpen, symbolisert ved den såkalla terrorbalansen.

Traktaten om ikkje-spreiing av atomvåpen (NPT) er det viktigaste folkerettslege elementet i ikkje-spreiingsregimet. Med unntak av dei fem landa som hadde atomvåpen per 1. januar 1967, forpliktar statar som tiltrer traktaten, seg til ikkje å skaffa seg kjernevåpen og heller ikkje å hjelpa andre til å utvikla kjernevåpen. Dei fem atomvåpenmaktene har på si side forplikta seg til å rusta ned. NPT må seiast å ha vore ein suksess. Med unntak av India, Israel og Pakistan, som alle har kjernevåpen, er alle statar medlemmer (kanskje med eit lite unntak for Nord-Korea, som melde seg ut i fjor, men som vel er på veg inn att). Det betyr ikkje at alt er fryd og gaman. Dei siste 15 åra er det blitt avslørt at ei rekkje land som hadde ratifisert NPT, i røynda hadde kjernevåpenprogram. Sidan midt på 1990-talet har det dessutan vore liten framgang å spora på nedrustingssida. Det er rett nok blitt forhandla fram ein konvensjon som forbyr atomprøvesprengingar, men han er ikkje sett ut i livet.

Forhandlingar om eit forbod om produksjon av spaltbart materiale for militære formål har stått i stampe. I praksis har FNs Nedrustningskonferanse med sete i Genève vore handlingslamma.

Det eksisterer ingen fast organisasjon med ansvar for å følgja opp NPT. Oppfølginga har form av såkalla Oppfølgingskonferansar kvart femte år. Den siste gjekk av stabelen i New York i mai, og var svært mislukka. Diplomatane greidde verken å oppsummera stoda for traktaten eller å staka ut kursen for framtida.

Det næraste ein kjem ein organisjon med konkret ansvar for oppfølging av NPT er IAEA. Gjennom artikkel 3 i Ikkje-spreiingstraktaten er IAEA gitt eit kontrollansvar i høve til traktaten. Kort fortalt går kontrollen ut på å sjekka at sivile anlegg ikkje blir utnytta til våpenproduksjon. I praksis kan ein kontroll med eit slikt formål utførast på ulike måtar, og det har då også vore tilfellet. IAEA hadde utvikla sitt første kontrollsystem lenge før NPT vart iverksett i 1970. Det første kontrollsystemet var knytt til eksportavtalar der IAEA var part i avtalen.

Det er ikkje til å koma bort frå at IAEA har ein tvitydig funksjon. På den eine sida skal byrået leggja til rette for atomteknologisk utnytting på verdsbasis. På den hi sida skal det same byrået sjå til at sivile anlegg ikkje blir utgangspunkt for kjernevåpenutvikling. I alle kontrollsystem står rekneskapsføring av spaltbart materiale (anrika uran og plutonium) sentralt. Iverksettinga av NPT førte til at IAEAs kontrollsystem vart reforhandla. Resultatet vart mellom anna at kontrollen skulle omfatta alle atomanlegg. Til gjengjeld vart kontrollen svakare på enkelte andre punkt. Kontrollsystemet reflekterte kva som var politisk mogeleg å få til. Det var på ingen måte eit teknisk perfekt system.

Etter den første Irak-krigen i 1991 vart IAEA skyteskive frå folk med lite til overs for ikkje-spreiingsregimet, og som heller ville bruka makt for å hindra spreiing av kjernevåpen. Det faktum at IAEA ikkje hadde vore i stand til å avsløra at Irak hadde eit hemmeleg atomvåpenprogram vart lagt IAEA til last, og dette vart igjen utlagt som eit døme på at ikkje-spreiingsregimet ikkje fungerte etter si hensikt. Sidan dess har regimet vore under press. IAEAs kontrollsystem er rett nok blitt styrkt gjennom den såkalla Tilleggsprotokollen. Han representerer ei monaleg skjerping av kontrollen, og gir IAEA vesentleg sterkare maktmidlar i høve til statane. Problemet er berre at det er opp til kvar einskild stat å bestemma om han skal akseptera Tilleggsprotokollen. For mange NPT-land er det ei prinsippsak ikkje å godta strengare ikkje-spreingstiltak så lenge atomvåpenmaktene tar lett på sine nedrustningsplikter.

IAEAs viktigaste ikkje-spreingsoppgåve er den rutinemessige kontrollen av atomanlegg og spaltbart materiale i NPT-medlemsland. Men det er når statar har forbrote seg mot dei folkerettslege avtalane, slik det har skjedd i Irak, Libya, Nord-Korea og Irak, at IAEAs funksjon som «FNS vaktbikkje» blir synleggjord. Ved mistanke om avtalebrot, har nemleg IAEA rett til å gjennomføra svært nærgåande inspeksjonar. Og dessutan kan IAEAs styre rapportera saker der det er mistanke om hemmelege atomvåpenprogram inn for Tryggingsrådet, som igjen kan fatta vedtak om for eksempel sanksjonar mot vedkomande land. IAEA kjem altså i ein nøkkelposisjon i tilfelle eit NPT-land bryt sine folkerettslege plikter.

Dei siste 15 åra har ikkje-spreiingsregimet for kjernevåpen støtt på store utfordringar. Det heng saman med at medlemsstatar har hatt hemmelege atomvåpenprogram i strid med NPT. Men det heng også saman med at dei tradisjonelle kontrollordningane ikkje er gode nok når atomteknologi blir eksportert gjennom nye nettverk, som ikkje omfattar dei tradisjonelle eksportørane i den vestlege verda. Den viljen ein har sett i somme statar og hos somme ikkje-statlege aktørar til å bryta folkerettslege avtalar, har dessutan ført til utbreidd frykt for at terroristar skal få tak i kjernevåpen, eller i det minste såkalla dirty bombs. Den mangelfulle viljen hos atomvåpenstatane til å følgja opp sine nedrustningslovnader representerer endå eit hinder for framgang i ikkje-spreiingsarbeidet. I denne situasjonen har svakheter i ikkje-spreiingsregimet blitt brukt som argument for at regimet ikkje fungerer etter si hensikt, dvs at det ikkje maktar å hindra spreiing. Sidan 2002 har det for eksempel vore offisiell amerikansk politikk at USA kan bruka preventiv krigføring for å fjerna atomanlegg i statar som har kjernevåpenprogram i strid med NPT.

Det gledelege med utviklinga dei siste ti åra er at når IAEA fekk bryna seg, viste organisasjonen seg sine kontrolloppgåver vaksen. IAEAs vurdering av Iraks mulegheiter til å utvikla atomvåpen, har vist seg å halda stikk. IAEAs inspeksjonar i Iran medverka til avsløringa av Khans illegale nettverk for sal av atomteknologi. For berre å nemna to døme. Og ElBaradei har vist seg å vera ein framifrå talsmann for å styrkja ikkje-spreiingsregimet. Ein nobelpris til IAEA og generaldirektør ElBaradei sender derfor eit positivt signal om kor viktig det er å løysa internasjonale konfliktar gjennom folkerett og regimebygging i staden for ved maktbruk. Vonleg vil prisen også medverka til å styrka atombyrået sin legitimitet i heile det internasjonale samfunnet.

FREDSPRISEN TIL ELBARADEI: Det høver godt at prisen går til ein egyptar. Heilt sidan forhandlingane om NPT har Egypt støtta ikkje-spreiingarbeidet. Det gjev landet ein spesiell posisjon mellom landa i Midtausten.