HILDE KRISTIN STRAND

Regattaen starta i Antwerpen søndag, og skipa skulle etter planen koma til Ålborg seinast fredag. Men torsdag ettermiddag vart etappen avlyst på grunn av for lite vind. Høgtrykket kom bakfrå og ga båtane som allereie låg langt bak eit ekstra handicap. Det var hensynet til desse skipa som gjorde at ein valde å avblåsa etappen.

— Det som er positivt for oss på land er ikkje positivt under ein regatta, smiler Per Langhelle, direktør i Stiftelsen Seilskipet Statsraad Lehmkuhl.

Han fortel at alle om bord i Statsraaden er ved godt mot. Då etappen vart avlyst låg skipet som nummer fem i sin klasse.

Andre etappe vil starta som planlagt frå Stavanger 10.august. Målet er å koma til Cuxhaven i Nord-Tyskland fem dagar seinare.

INGEN VIND I SEGLA: Det fine vêret er ikkje berre til velsigning. Statsraad Lehmkhul manglar vind i segla.