Katteeigarane Liv og Gunnar Nordstad frå Austevoll vart sjokkerte då dei fekk melding om at katten deira var avliva. To år gamle «Enzo» skulle berre til dyrlegen for å bli kastrert, men måtte bøta med livet.

— Eg fekk sjokk. Det kom ein reaksjon og eg blei så kvalm. Eg gjekk med gråten i halsen heile dagen, fortel Liv Nordstad.

Hannkatten «Enzo» hadde byrja å reka omkring. Difor ville Liv Nordstad kastrera han. Ho bestilte difor time hos Stord dyreklinikk, men kunne ikkje levera katten sjølv. Difor fekk dei naboen til å ta med seg katten frå Austevoll til Leirvik.

«Avlevera» vart til «avliva»

Det var då naboen leverte katten hos dyreklinikken at den fatale mistydinga oppstod. Han sa til assistentane at han skulle «avlevera» katten. Dei oppfatta det slik at han sa «avliva». Dermed fekk «Enzo» den skjebnesvangre sprøyta.

— Slikt skal ikkje skje. Dersom dei var usikre burde dei ha venta med å avliva dyret. Dei burde ha ringt til oss for å sjekka. Eg vil ikkje klandra naboen som leverte katten, seier ei skaka Liv Nordstad.

Dyreklinikken hadde eigentleg ikkje ope for pasientar denne dagen, og fann ikkje timebestillinga til Nordstad. Men sidan katten var kome heilt frå Austevoll tok dei seg likevel tid til den fatale behandlinga.

Då mistydinga vart oppdaga tok Stord dyreklinikk på seg skulda, sa seg leie for hendinga og bad om unnskyldning.

— Dei spurte kva dei kunne gjera for meg. Men kva skulle det vera? «Enzo» får vi jo ikkje tilbake uansett, fortel Nordstad.

Ho vil trass denne hendinga halda fram med å bruka same dyreklinikk dersom familien sin hund treng hjelp.

Oppkalla etter bilpioner

Den uheldige katten vart kalla opp etter Enzo Ferrari, grunnleggjaren av bilfabrikanten Ferrari.

— Mannen min er så bilinteressert, difor fekk han dette namnet. «Enzo» var ein fin og klok katt som vi hadde tenkt å ha lenge. Han var spesiell denne katten, fortel Nordstad.

— «Enzo» ville blitt to år i august og var ein rustbrun skogskatt med kvite flekker og stor bustete hale. Han hadde så fin pels. Etter han døydde har eg stadig gått og lytta etter katten, og har synest at eg ser katten utanfor, forklarar Liv Nordstad.