— Skal ein vera leigetakar må ein betala husleige. Me har gått til tingretten for å få på plass den husleiga me har krav på, seier styreleiar Bjørn Østbø i utleigeselskapet Bergen Matbørs II KS.

Totalt har dei 1,3 millionar kroner i krav mot Great Taste. Summen utgjer manglande husleige, straumkostnader og felleskostnader attende til oktober 2013.

Advokat Bjørn Åge Hamre representerer saksøkjarane og fortel at delar av kravet ventast å vera tapt.

— Me er høgst usikre på om pengane kjem attende, men noko er sikra gjennom husleigegarantien, seier Hamre.

Krangla om leige

Ifølgje orskurden frå Bergen tingrett har det oppstått ein tvist i storleiken på leiga.

Etter det BT kjenner til betaler Great Taste i dag 6000 kroner per kvadratmeter.

Tvisten skal ha pågått i vel eitt år og handlar om kva som er grunnlaget for utrekning:

  • Leigetakar Great Taste meiner det er bruksarealet på rundt 240 kvadratmeter som skal leggjast til grunn.
  • Utleigar meiner det er bruttoarealet på drøye 340 kvadratmeter. Ulikskapen på 100 kvadratmeter utgjer heile 600.000 kroner i leigekostnadar.

— Kommersielt høve

Dette tvisten var årsaka til at Great Taste ikkje hadde betalt sidan oktober i fjor, meinte styreleiar Johan Fredrik Järås under rettsmøtet i dag. Retten avviste merknaden.

Selskapet kunne heller ikkje gje noko forklaring på «kvifor ein trass alt og utan protest betalte husleige frå desember 2012, etter at spørsmålet om storleiken på leiga var drøfta og førebels avklara, og fram til oktober 2013», skriv dommarfullmektig Erlend Baldersheim i orskurden.

Styreleiar Østbø i utleigeselskapet ønskjer ikkje å kommentera storleiken på leiga til verken Con Fresco i kjellaren eller dei andre leigetakarane hjå Matbørsen.

— Det er eit kommersielt høve mellom oss og leigetakarane, seier han.

Opnar på ny stad

Järås frå Great Taste er klår på at leiga er urimeleg høg.

— Det er ikkje eit spørsmål om motrekning, men at storleiken er urimeleg. Eg har med hjelp av eit selskap målt opp lokalet og fått heilt andre tal enn det som står i kontrakta.

No orkar han derimot ikkje å stå i stormen lenger.

— Me kjem til å flytta restauranten til ein annan stad i byen. Eg kan ikkje sei kor, men restauranten kjem til å opna igjen, seier Järås.

Lånte ut pengar

I tillegg til kravet frå utleigarane på 1,3 millionar kroner, vart det reist ytterlegare to krav på totalt 410.000 kroner mot Great Taste under rettsmøtet i dag.

Det eine utgjorde 210.000 kroner og kom mellom anna frå medeigarane sjølve: Restaurantveteranane Knutsen, Jørgensen & Skjelbred Holding AS (KJS) og Akonna AS, sistnemnde eigd av Bjørn Østbø.

Båe låna skal ha vore misleghalde over lengre tid og er no heva, ifølgje orskurden frå Bergen tingrett.

— Det er ikkje store summar, men me var fleire som hadde lånt pengar til selskapet. Eg reknar ikkje med å sjå noko til dei no som selskapet er slått konkurs, seier Steinar Knutsen.

Opp og ned på børsen

Knutsen står bak satsinga i det gamle børsbygget saman med Per Jørgensen og Terje Skjelbred (KJS), og det er ikkje fyrste gongen at ein leigetakar går tapt.

For litt meir enn eit år sidan gjekk Kafé Holbar i Matbørsen konkurs. Det var den tredje konkursen på under ein månad. I september same år gjekk også Chilli Tapasbar inn i økonomisk uføre.

— Det er riktig at me hatt utskiftingar i seinare tid, men det er drift i alle einingane no, sett vekk ifrå Con Fresco. Me meiner at Matbørsen har vorte ein innarbeidd og langvarig del av restaurant- og serveringslivet i Bergen, seier Østbø.