ROLAND LÖFFLER

Kronprinsesse Mette-Marit får for tida oppleve det som i tyske pressekrinsar blir kalla «leirdueskyting». Om den attraktive blondina vart hylla som eventyrprinsesse før bryllaupet sommaren 2001, blir nå kvar einaste misstemning stempla som depresjon, omfattande shopping blir til sløseri, kvar einaste vesle kul på magen graviditet.

Kvifor er Mette-Marit vorte slik eit fenomen i Tyskland?

Tyskarar likar glamour

For det første: Rett nok er monarkiet avskaffa i Tyskland, men det same gjeld slett ikkje behovet for den spesielle auraen og glamouren frå ein kongeleg familie. Tyskarane likar keisarar, kongar og prinsesser.

For det andre: Tyskland er ikkje berre heimlandet til Nibelungen-sagnet og Doktor Faust, men også til eventyra til brødrene Grimm. Tyske menn drøymer om å bli vekt frå den keisame kvardagen av ei vakker eventyrprinsesse, tyske kvinner ønskjer seg ein eventyrprins. Ingen har levandegjort desse ønskja betre enn barnehagelæraren og seinare prinsessa Diana Spencer. Nå er ho død.

Nordisk skjønnheit

Den tyske ý og med henne den internasjonale ý pressa har venta lengselsfullt på ei heltinne til å ta over. Plutseleg dukka det opp ei nordisk skjønnheit med ein påstått vill ungdom, eit par dop-erfaringar og ein unge utanom ekteskap frå Noreg. Mette-Marit Tjessem Høiby forelska seg i kronprins Haakon, og ei ny stjerne var fødd. Mette-Marit fylte holet etter Diana, trass i mange forskjellar i karakteren.

For det tredje: Mette-Marit fascinerer tyskarane fordi det er ei borgarleg kvinne med ein biografi som både yngre og eldre lesarar kjenner seg att i som har erobra det norske kongehuset.

Lesarane kan identifisere seg med prominensane, fordi mangt har gått på skeive i liva deira. Det samsvarer med realitetane hos mannen og kvinna i gata. Mette-Marit og Haakon studerer i utlandet, spring rundt i jeans, går på kino. Det gir kjensla av at kvar einaste lesar i grunnen kan treffe dei på hjørnet i morgon, ta ein øl med dei og bli vennar.

Stadig verre metodar

Til slutt: Det tyske medielandskapet har endra seg dramatisk etter at dei private fjernsynskanalane kom i 80-åra. Sjåar-ratingen er Tysklands sanne herskar. Det økonomiske presset på journalistane stig, moralske tabu fell, livet til stjernene bli stadig viktigare, metodane som fjernsyn, aviser og blad bruker stadig verre.

Ein kan berre ønskje Mette-Marit og Haakon har sterke nervar og tjukk hud. Dei bør ikkje ta den tyske pressa for alvorleg. For som ekskanslar Helmut Kohl alltid sa når han fekk hard medfart i media: «Karavanen går vidare>>.