For dei norske styrkane, som har møtt stadig hardare motstand i Ghowrmach dei siste månadene, er dette dårleg nytt.

Vedtaket har gjort at den norskfinansierte hjelpeorganisasjonen ACTED inntil vidare har lagt ned det meste av arbeidet i området.

— Vi held ein låg profil, og har bedt dei tilsette om å arbeide frå heimen, seier Ziggy Garewal, som leiar ACTEDs operasjonar i Afghanistan, på telefon frå Kabul.

ACTED har ca. 35 lokalt tilsette i Ghowrmach, og blir utsett for direkte press frå Taliban-krigarane.

— Dei har prøvd å krevje 10 prosent av lønna til dei tilsette, og vil ha 10 prosent av kontraktane våre, seier Garewal.

Ho seier organisasjonen har avvist utpressingsforsøka. Men når eldrerådet i distriktet – shuraen – bestemte seg for å støtte Taliban-kommandanten, måtte ACTED bli meir forsiktige.

— Slik støtte har dei ikkje uttrykt tidlegare. I praksis betyr dette at alle menn mellom 15 og 55 år i Ghowrmach nå må vurderast som potensielle opprørarar, seier Garewal.

Frå Kandahar og Helmand

Distriktet har ca. 50.000 innbyggjarar. Sentrale styresmakter har i praksis ingen kontroll i Ghowrmach. ISAF og den afghanske hærens kontroll avgrensar seg til områda langs hovudvegen inn til basaren i Ghowrmach.

Ifølgje Garewal dukka Taliban-kommandanten og mennene hans opp i distriktet for ca. ein månad sidan. Han skal ha med seg ca. 200 mann, dei fleste frå Kandahar og Helmand i Sør-Afghanistan. Han skal også ha med seg eit lite knippe godt trente arabiske krigarar.

I sør er dei USA-leia NATO-styrkane midt oppe i ein stor militær offensiv mot Taliban, noko som skal ha fått delar av Taliban til å søkje seg nordover.

ACTED-sjefen håpar situasjonen blir kortvarig. Det har lenge vore store spenningar og maktkampar internt i Ghowrmach, mellom ulike pashtunske klanar og stammer. Dette har gjort at shuraen har skifta posisjonar hyppig.

— Nå vil vi ta tida til hjelp. Vi håpar Taliban-styrken vil dra vidare, og ikkje etablere seg her, seier Garewal.

Sinne etter husundersøkingar

Ifølgje Garewal har folket i Ghowrmach – som er ei pashtunsk lomme omgitt av usbekarar og tadsjikar – tidlegare ikkje hatt noko sterkt ønske om å alliere seg med Taliban i andre delar av landet.

— Men dei har sagt til oss at dersom Taliban frå Kandahar og Helmand først kjem til Ghowrmach, har dei ikkje noko anna val enn å ta imot dei. Når Taliban først bankar på døra, trer dei pashtunske stammebanda i funksjon, seier Garewal.

Distriktsguvernøren i Ghowrmach, Qari Davlat, som var styresmaktenes representant lokalt, vågar ikkje lenger bu i Ghowrmach. Han har sagt opp og flytta.

— Det er ikkje fred, og ikkje trygt lenger for meg og familien min i Ghowrmach, seier Davlat i eit telefonintervju med Bergens Tidende. Han er sjølv pashtunar, og fødd og oppvaksen i ein landsby i Ghowrmach.

Misnøye med ISAF

Davlat seier at NATO-operasjonane i Ghowrmach den siste tida har bidrege til å gjere folk sinte.

— ISAF har gjennomført husundersøkingar utan å ta kulturelle omsyn, og utan å koordinere med afghanske styresmakter, seier Davlat. Han viser til to landsbyar der dette nyleg har skapt sterk irritasjon.

I andre delar av Afghanistan har både nattraid og ransaking av bygningar for kvinner skapt spenningar og sinne.

Distriktsguvernør Davlat har nå forlate landsbyen han kjem frå, og vil til hausten heller prøve å bli vald inn i parlamentet i Kabul

Han er «ikkje nøgd med det politiske miljøet» på heimplassen, og har flytta sørover til storbyen Herat.