Det israelske forsvaret har lykkast godt i å hindre utanlandske journalistar i å rapportere frå Gaza. Lenge før krigen tok til, gjorde Israel det vanskeleg for utlendingar å reise inn. Fleire journalistar forlet Gaza for å feire jul og nyttår, berre dagar før det israelske angrepet.

Dei store medieorganisasjonane må dermed ty til naudløysingar. BBC World brukar rapportar frå ein lokalt tilsett produsent som ikkje har vore på skjermen før. Dei store nyheitsbyråa gjer det same. Her heime trykkjer Dagbladet reportasjar levert av ein mangeårig kontakt inne i Gaza, Hamada Hamada. Historiene blir skrivne på arabisk, og så omsett til norsk.

Skup også i Burma

Unntaket er Al Jazeera English. Kanalen med hovudkontor i Doha, Qatar, sender nyheiter på engelsk, 24 timar i døgnet. Inne i Gaza har dei to fjernsynsteam. Ikkje fordi dei har sleppt igjennom den israelske blokaden, men fordi dei var der då krigen byrja. Ayman Mohyeldin er kanalens faste Gaza-korrespondent, reporter Sherine Tadros var der på jobb då krigen braut ut.

Kanalen er tilgjengeleg for norske sjåarar, blant anna gjennom Canal Digital. Sendingane ligg dessutan fritt ute på nettet.

Den eksklusive rapporteringa frå krigsområdet er det hittil største skupet for kanalen, som gjekk på lufta for første gong hausten 2006. Under munkeopprøret i Burma i 2007 og under syklonen same stad i 2008 var dei på plass og kunne rapportere, medan andre verdsmedium hadde store problem med å kome seg inn i det lukka landet.

Frå BBC til Al Jazeera

Kanalen er ikkje ein engelskspråkleg variant av systerkanalen Al Jazeera, som sender på arabisk. Dei har sine eigne kontor, eiga redaksjonsleiing og eigne reporterar verda over — 21 kontor i alt. Journalistane er stort sett rekruttert frå store vestlege kanalar som BBC, CNN og Sky News.

  • Eg såg dette som ein sjanse eg aldri ville få igjen; å vere med på ein slik oppstart, og gjere verdas medielandskap meir mangfaldig, seier Zeina Awad (32). Desse dagane rapporterer ho direkte frå den israelske grensa til Gaza. Ho går nattskiftet, med innslag kvar time natta igjennom.

Awad er kanadisk, og arbeidde for BBC Hard Talk i London då tilbodet kom om å flytte til Doha. Ho er fødd i Beirut av arabiske foreldre, og snakkar difor også flytande arabisk - til forskjell frå mange andre i Al Jazeera English.

Kritisert av Israel

Eitt av kanalens slagord er at dei «ser verda frå sør mot nord». Dei andre store kanalane og byråa, som BBC, CNN, Reuters og AP høyrer heime i rike Nord-Europa og Nord-Amerika. Al Jazeera English har Asia, Afrika og Midtausten som ståstad.

— Perspektivet skal vere grasrotas, ikkje elitens. Det er ekstremt spennande, seier Awad.

Systerkanalen Al Jazeera har vorte skulda for å la seg bruke til å spreie bodskapen til islamistar og ekstremistar som Osama bin Laden. Bush-administrasjonen la kanalen for hat under krigen i Irak. Kritikken har også dukka opp under krigen i Gaza.

— Al Jazeeras reportasjar gir inntrykk av at alle i Gaza støttar Hamas. Vi veit at slik er det ikkje, sa regjeringstalsmann Mark Regev i Israel sist veke.

Kritikken har i mindre grad ramma Al Jazeera English. Danmarks konservative utanriksminister, Per Stig Møller, er fast sjåar. Han sa i 2007 at «dei er rimelege nøytrale», og at kanalen er betre på utanriksstoff enn både BBC, CNN og dei danske kanalane.

Samtidig samarbeider dei to systerkanalane. Al Jazeera har fire fjernsynsteam inne i Gaza, som innimellom også leverer til den engelskspråklege kanalen.

— Vi utvekslar bilete og historier. I krigssituasjonar som denne er samarbeidet tettare enn elles, seier journalist Zeina Awad.

blant andre Reuters, Fox News og Sky News har kontor i Gaza by treft av ein israelsk rakett. To lokale journalistar vart skadd, blant anna Mohammed al Sosse (biletet). FOTO: MOHAMMED SABER, EPA
MOHAMMED SABER