Den omkomne er ikkje identifisert, men han er funne i same elv som ryggsekkane til dei tre sakna jærbuane.

Ryggsekkane til dei tre håbuane som er sakna på Grønland vart funne i ei elv i Paradisdalen. Det var Magnar Haarr sin samboar, Jette Alette Bang-Haagensen som fortalte Aftenbladet.no om funnet måndag ettermiddag.

— Eg tenker det verste no. Det har i alle høve skjedd noko som ikkje burde skjedd, seier Jette Alette Bang-Haagensen.

Ho fortel at sekkane til dei tre sakna, Magnar Haarr (24), Jonas Reiestad (31) og Tormod Aniksdal (24), er funne i elva. Opplysningane kjem frå ein kontaktperson familien har til stades i arbeidet på Grønland.

— Magnar har vore på Grønland ein gong før, saman med Tormod, fortel Bang-Haagensen.

Saka blir oppdatert.