I to år var Kai Eide (biletet) FNs øvste mann i Afghanistan. Han er «forbitra» over korleis den sivile innsatsen har vorte styrt i Afghanistan.

— Eg meinte heile tida at det var viktig å bruke ressursar på det eg kalla «svingområde»: Distrikt og provinsar der uroa ennå ikkje var verre enn at det var mogleg å få utretta noko. Ghowrmach var eit slik område, seier Eide.

Ikkje minst i pashtunske lommer i nord, der potensialet for uro var stort, meinte Eide at krafttak for å skape utvikling ville svart seg.

Hans tanke var at gode resultat i slike distrikt kunne tene som førebilete for meir urolege delar av landet.

Men han fekk ikkje gjennomslag.

— Dei store aktørane ville helst bruke pengane der opprøret var sterkast, i sør og aust. Det gjorde meg forbitra. Gjennom heile perioden min i landet var dette ei stor usemje, seier Eide. «Dei store» var bl.a. USA og Storbritannia, som sleit militært i kjerneområda til Taliban, sør i landet.

— Å få til utvikling i eit slik miljø er uhyre vanskeleg. Det vart eit pengesluk som gav lite resultat, seier Eide.

Fordi det vart gjort lite i meir fredelege område – der det også var stor misnøye – vart grobotnen for væpna oppstand stadig utvida.

— Dette er ein av hovudgrunnane til at opprøret spreier seg. Vi har sett dette kome fleire plassar i nord. Og i dag er det mykje vanskelegare å gjere noko med det, seier Eide.