I dag skal utanriksministrane i EU diskutere ei dramatisk innskjerping av sanksjonsregimet mot Iran. Planen er at alle EUs 27 medlemsland skal boikotte iransk olje.

Stor eksport

I fjor gjekk ca. 20 prosent av Irans oljeproduksjon til EU, og handelen med unionen er dermed ei svært viktig inntektskjelde for regimet. Men oljen er også viktig for mottakarane: Både Italia, Spania og Hellas er store kundar, og må no sjå seg om etter andre oljekjelder. Saudi-Arabia, som sjølve fryktar at Iran skal bli ei atommakt, har lova at dei vil hjelpe til ved å auke oljeproduksjonen. Det er uro for at boikotten skal drive oljeprisane enda meir opp – det siste kriseramma økonomiar treng. Sanksjonane vil truleg også ta sikte på å ramme den iranske sentralbanken.

Nøgd med verknaden

For oljerike Noreg er import av olje ikkje aktuelt, men det er likevel venta at regjeringa vil slutte seg til dei styrka sanksjonane.

— Det kan godt hende at vi vil følgje EU og slutte oss til sanksjonane når dei er vedtatt. Det er ingen automatikk i dette, men Noreg støttar at vi skal halde oppe presset mot Iran, seier statssekretær Torgeir Larsen i UD.

- Korleis vurderer du effekten av sanksjonane? Verkar dei slik dei er tenkt?

- Handelen går ned, og vi veit at sanksjonane bit økonomisk. Men målet er å presse Iran til å vere opne om atomprogrammet. I dag er mistilliten mellom partane svært stor. Utviklinga gir grunn til uro.

- Somme meiner bombing av iranske atomanlegg vil vere neste steg?

- Vi meiner denne konflikten ikkje har ei militær løysing. Ho må løysast fredeleg. Da må vi la diplomatiet og politikken verke, og verne om dei kanalane vi har for kommunikasjon. Sanksjonane er berre eitt av verkemidla, seier Larsen.