OGNE ØYEHAUG

— Det er ein katastrofe. Alle saman har enorme problem og prisen er tårnhøg, seier ein oppgitt Peter Bamberger, styreleiar i organisasjonen for dansk fiskeindustri.

2000 tilsette i den danske fiskeindustrien er råka av straffetollen, meiner Bamberger.

Folk er permittert eller sagt opp. Hos Pan Fish si dotterverksemd i Hirtshals er Pan Fish i ferd med å stenge fabrikken på ubestemt tid. Neste veke kan det vere full stopp for over 100 tilsette.

Situasjonen er den same i heile industrien.

— Eg veit at alle verksemder køyrer med 25 prosent kapasitet, seier Bamberger.

Knekt av prishopp

I førre veke steig eksportprisen på laks til sitt høgaste nivå på fire år, viser tal Statistisk Sentralbyrå offentleggjorde i går. Samanlikna med prisen i veka før straffetollen vart innført har eksportprisen auka med over seks prosent. Hittil har norsk oppdrettsnæring sleppt billeg unna straffetollen.

Men for industrien på andre sidan av grensa kjem straffetollen i tillegg. Slikt svir og gir industrien store tap.

Medan danske lakseindustribedrifter måtte ut med 24 danske kroner per kilo før straffetollen, må dei no ut med 36 kroner per kilo.

— Det er 12 kroner opp på nesten inga tid, og det er det nesten uråd å ta igjen hos kundane.

Norsk flaks

For norsk oppdrettsnæring er prisauken i mai dobbelt heldig.

For det første gir den oppdrettarane større forteneste.

For det andre gjer det at ulempene med straffetollen vert velta over på Peter Bamberger sin medlemer og resten av fiskeindustrien i EU. Det aukar presset mot EU-kommisjonen for å få fjerna heile straffetollen.

Bamberger reknar med at til saman 10.000 av EU sine eigne borgarar i industrien no er direkte råka av straffetollen, i tillegg til at forbrukarane må betale meir for laksen.

Ber Noreg fire

Fiskeindustrien i EU har vore norske oppdrettarar sin beste allierte i kampen mot skotske og irske oppdrettarar sitt krav om handelshindringar for norsk laks.

Industrien og oppdrettarane har stått skulder ved skulder for å hindre alle tiltak som skal gjere laksen dyrare.

Men no, etter at straffetollen er innført, tvilar Bamberger på at full frihandel med laks er råd å oppnå.

Han vil bytte ut straffetollen med ein minstepris på 2,75 euro per kilo. Det tilsvarar ein pris på cirka 22,25 kroner per kilo - fire kroner under dagens eksportpris.

Ei slik løysing bør også Noreg og norsk oppdrettsnæring kunne vere med på, meiner Bamberger, spesielt sidan den også vil omfatte konkurrentane i Chile.

— Noreg bør freiste å utvise ein eller annan form for fleksibilitet, for å hjelpe prosessindustrien i Europa, seier Bamberger.

GIKK SKOA AV SEG: EU sine straffetiltak mot norsk laks går i første omgang utover EU sin eigen fiskeindustri, medan norske oppdrettarar får rekordprisar. <br/>Arkivfoto: HÅVARD BJELLAND