• Dyra blir sjuke til alle tider, ikkje berre i vekene mellom åtte og fire, seier bonde Håkon Hovstad. Ved nyttår gjekk veterinærane av vakt medan dyr blir sjuke og døyr over heile landet.

LENA VERMEDAL

Dyrlege Johannes Slettebø står med armen heilt til skuldra, inne i kua Asta. Så ringjer telefonen.

— Ein klassisk situasjon, ler Slettebø medan han kjenner etter teikn på ny kalv i kua.

Vi er på garden Hovstad i Fitjar. I naborommet ligg ein tre veker gammal kalv og søv tungt etter bedøving. Horna skal fjernast. Det er kvardag for dyrlege Slettebø som har ansvar for Fitjar, Stord, Bømlo og Austevoll.

- Mjølkefeber det verste

— Veterinæryrket er veldig travelt. Eg jobbar 70 timars veke med lange dagar og mykje køyring. Arbeidet er triveleg, men det er eit uroleg liv der det er vanskeleg å planleggja fritidsaktivitetar, seier firebarnsfaren.

Ofte må han rykka ut på kveld og nattetid. Mang ein gang har han sete i selskap og berre måtte reisa seg og gå.

— Ei uttrykking på natt kostar bonden mellom 600 og 700 kroner. Eg sit berre att med ein femtedel. Kven spanderer laurdagskvelden for 150 kroner, spør Slettebø.

Dyrlegar over heile landet har difor sagt opp vaktordninga si. Dei vil ha meir kontroll over eiga fritid og vil ikkje jobba dugnad for staten. Dyr som blir sjuke utanfor arbeidstida, må venta til neste dag - eller naudslaktast.

Veterinærar er pliktig til å hjelpa dyr som lir, men då må dyreeigaren først få tak i ein veterinær. Håkon Hovstad fryktar at han ikkje skal få hjelp i tide.

— Eg fryktar mjølkefeber mest. Det er det verste. Kua kan døy.

- Kona som sekretær

På bakgrunn av ein avtale frå 2002 mellom Det Norske Veterinærforening (DNV) og landbruks- og matminister Lars Sponheim blei det nedsett eit partssamansett utval mellom staten og veterinærforeininga.

Utvalet konkluderte samrøystes med at veterinærar er samanliknbare med legar i legevakt. Det har ikkje blitt følgt opp i dei vidare forhandlingane, meiner DNV. Avtalen blei difor sagt opp med verknad frå nyttår.

— Veterinærar har alltid vore på vakt. No må me få verdsett fritida. Tradisjonelt har dyrlegen hatt heimeverande kone som sekretær. No er samfunnsutviklinga ei anna med fleire kvinnelege veterinærar og småbarnsforeldre, seier Astrid Bjerkås, informasjonssjef i DNV.

Dyr døyr

Denne veka har fleire dyr døydd som følgje av veterinærmangel. Sogndal-ordførar Karen-Marie Hjelmeseter mista ein kalv natt til tysdag. Ingen veterinærar tok telefonen. Politiet eller Mattilsynet kunne heller ikkje hjelpa.

— Eg klarte ikkje å berga livet til kalven. Og det gjer meg så ilt, seier Karen-Marie Hjelmeseter til Sogn avis.

To kyr måtte bøte med livet i Trøndelag og Møre og Romsdal, skriv avisa Nationen, og på Tysnes døydde ein sau av hjernehinnebetennelse.

— Sauen burde vore behandla søndag, men blei først behandla måndag, seier veterinær Karl Lunde til Bergens Tidende.

Etter at Det Norske Veterinærforening skreiv brev til Stortinget og departementet denne veka har partane blitt kalla tilbake til forhandlingsbordet. Det skjer fredag.

VETERINÆR TIL AKSJON: Vaktavtalen mellom veterinærar og staten er sagt opp. - Eg er veldig glad i dyr og liker ikkje situasjonen. Eg veit at bonden har det vondt dersom dyra har det vondt. Men me må aksjonera no dersom det skal bli betre i framtida, seier veterinær Johannes Slettebø som her gjer ei gynekologisk undersøking på kua Rosalin. Bonde Håkon Hovstad følgjer med.<p/>FOTO: FRED IVAR UTSI KLEMETSEN