VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.noOsloDette går fram av eit notat som vart utarbeidd i Forsvarets overkommando i 1998. Bergens Tidende har notatet. "Politiske grunner" I notatet som gjeld bruk av utarma uran, heiter det mellom anna: "Denne ammunisjonstypen finnes ikke i det norske Forsvaret, og er heller ikke planlagt anskaffet. Forsvarets forskningsinstitutt vurderte den på syttitallet, men av politiske grunner ble det ikke fulgt opp." Dåverande forskingssjef ved FFI, Per Thoresen, stadfester innhaldet overfor Bergens Tidende.— Vi skulle lage panserbrytande ammunisjon i samarbeid med Raufoss. Vi tok då for oss kva materiale, tyngre enn bly, vi kunne nytte, som hadde størst effekt som panserbrytande penetrator. Målet var å finne eit materiale som kunne trenge igjennom størst mogeleg tykkelse og gje størst effekt.- Utarma uran vart vurdert, både avdi det har stor tyngde og avdi det er pyrofort, det vil seie at det tek fyr og utløyser ein kraftig brann, etter å ha trengt igjennom panserstålet, seier Thoresen. "Berre gløyme" - Men eg sa nokså fort at utarma uran kan vi berre gløyme. Det vil ikkje gå i Noreg. For straks det blir snakk om radioaktivitet og stråling, så blir det sterke reaksjonar. Det gjeld sjølv om strålingsfaren er det minste problemet ved utarma uran. Langt verre er at det er svært gifting. Thoresen seier at avgjerda om å droppe utarma uran "av politiske grunnar" vart teken av han sjølv utan påtrykk utanfrå, eller frå politisk hald. - Men ut frå det du nå seier, var det vel dumt å la vere å nytte utarma uran som penetrator i denne typen våpen?- Ja det kan du godt seie. Men vi var redd reaksjonane.