— Det var forferdeleg å finne han slik. Det var så unødvendig, seier Hollekve til bt.no.

Det er Sogn Avis som fortel historia om gjetarhunden Tweed i dag. Den åtte år gamle border collien forsvann frå Hollekve sin gard i Sogndalsdalen for to veker sidan.

Tweed tek seg ofte ein tur i området, men kjem alltid att. Det gjorde han ikkje denne kvelden, og Hollekve gjekk ut for å leite. Først dagen etter fann ho hunden i fella. Den hadde klappe igjen tvers over nakken på hunden.

Beklaga sterkt

— Eg var førebudd på at han var død, sidan han ikkje kom att. Men då eg løfta han og såg at han var drepen i ei felle, så var det ikkje noko kjekt.

Jegerane som hadde sett ut fella beklaga sterkt det som hadde skjedd.

— Når først så gale var skjedd, så oppførte dei seg heiderleg. Dei gjorde seg til kjenne, ville gjera opp for seg og slutte med feller, seier Hollekve til Sogn Avis.

Ho oppfordrar andre jegerar til å tenkje seg om.

— Dei meinte sjølvsagt ikkje å drepe hunden. Men folk som driv med feller må setje seg inn i regelverket og gjere det slik det skal gjerast.

Hundeeigar Anna Hollekve fann Tweed med fella rundt nakken.
PRIVAT