• Norske soldatar døyr og blir kvesta for livet i Ghowrmach i Nord-Afghanistan. Krigen tvinga denne veka den siste hjelpeorganisasjonen til å leggje ned det meste av arbeidet.
  • Bergens Tidende har besøkt distriktet der vegbomber, granatar og skyting er daglegdags. Vi fann djup fattigdom, etnisk hat, gamle overgrep — og fine FN-planar gløymde i ein skuff. I ei sky av støv rullar kolonnen av militærbilar inn på basen i Ghowrmach. Ein afghansk soldat med skibriller og strikkelue viser V-teikn frå planet på ein pickup.

Han held seg fast i maskingeværet, ved sida av seg har han ein moped, krigsbytte frå dagens kampar.

Det har vore ein god dag. Dei har slått hardt frå seg, og kome frå det utan ei skramme.

Fangar har dei også tatt. Dei tre karane var ikkje væpna, men den eine hadde grønske på knea.

- Dersom han går, går eg

Det er på desse runde åsane og i desse grøne dalane at krigen i Nord-Afghanistan er på sitt mest intense. Frå oppe på muren rundt den vesle militærbasen har vi høyrt og sett kampane nede i elveleiet: Knatring frå maskingeværsalver og kalasjnikovar, drønn frå granatar. Ein bonde får øydelagt marka si av luftvernkanonen til den afghanske hæren. Skyer av jord og sand fyk i vêret der granatane slår ned. Kva regjeringssoldatane skyt på er ikkje godt å sjå frå der vi står.

— Det er ikkje sikkert dei veit det sjølve heller. Dei fyrer gjerne laus med alt dei har, seier ein av nordmennene.

Dei held til vegg i vegg med den afghanske hæren, ANA (Afghan National Army). Norske offiserar driv opplæring og mentorering av det som ein dag skal bli ein hær som skal stå på eigne bein.

To dagar seinare er nordmennene på ny patrulje i Ghowrmach. Ei vegbombe går av, fire afghanske politifolk døyr. Nokre dagar etter det igjen smell ei ny bombe. Fleire politifolk døyr. Og sist helg vart åtte nordmenn skadd - to overlevde berre så vidt - i blodige kampar som raste i seks timar.

Det er gått eitt år sidan sist Bergens Tidende var her; eit distrikt med rundt 50.000 innbyggjarar, ikkje større enn Voss og Granvin til saman.

Den gongen flaug vi inn i helikopter med forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

I dag ville ein norsk statsråd aldri fått besøkje Ghowrmach. Eit hol gaper framleis i taket på eitt av leirbygga, etter ein granat som trefte farleg godt.

«... har ikke fungert»

Det var ikkje dette som stod på plansjane då Strøm-Erichsen besøkte Ghowrmach i fjor vår. Aksjonsradiusen til politi og hær skulle utvidast, området sikrast. Bak skulle det fyllast på med utviklingsprosjekt.

Ghowrmach, det fattigaste distriktet i ein av landets fattigaste provinsar, skulle bli eit førebilete på korleis Afghanistan skal byggjast. Det var peikt ut som eit «pilotdistrikt», mantraet var «integrert tilnærming». Alle skulle dra saman. FN, NATOs ISAF-styrkar, bygdefolket, provinsstyresmaktene og internasjonale hjelpeorganisasjonar la store, felles planar.

Kva skjedde?

— Spør dei! Dei har ikkje gjort noko av det dei lova. Og det gjer meg verkeleg sint!

Provinsguvernør Abdul Haq Shafaq tek imot i tøflar og tradisjonell afghansk kappe i herskapshuset sitt i provinshovudstaden Maimana.

Vi spør den norske ambassadøren i Kabul, Kåre R. Aas, om kvar det vart av pilotstatusen.

— Vi merka at dette ikkje vart følgd skikkeleg opp, korkje av FN eller andre. Når tryggleiken er så dårleg, blir det vanskeleg. Det heng også saman med at ISAF endra sine prioriteringar, med auka militær innsats i sør, seier Aas. Lokalt vart det skapt forventingar som ikkje vart oppfylt.

Eit notat frå ambassaden som BT har fått innsyn i konstaterer tørt at «den integrerte tilnærmingen lansert av FN (...) har ikke fungert og følges ikke opp».

Guvernør Shafaq er tydeleg irritert.

— Når eg spør, seier ISAF at dei er opptekne på andre kantar av landet. Eg får ikkje ein gong eit skikkeleg svar.

Frykt for tsaren

Men kor interessert er eigentleg provinsguvernøren i Maimana i å hjelpe eitt dei fattigaste og mest opprørske distrikta i heile Nord— Afghanistan?

«Det er et generelt inntrykk at provinsmyndighetene ikke ønsker å satse politisk kapital og økonomiske ressurser i Ghowrmach som er et pashtunsk område», heiter det i UD-notatet. Politikken i Faryab er dominert av usbekarane, som er i klart fleirtal.

For å forstå bakgrunnen for det som hender i Ghowrmach i dag, må vi gå attende i tid - langt attende.

Pashtunarane er den største folkegruppa i Afghanistan, og har tradisjonelt hatt kongemakta. På slutten av 1800-talet sat kong Abdur Rahman Khan på trona i Kabul, med støtte frå britane, som styrte India. Begge frykta naboen i nord, tsar-Russland.

I Nord-Afghanistan budde for det meste tadsjikar og usbekarar, to etniske grupper som kongen ikkje stolte på. Han flytta difor store grupper av sine eigne pashtunarar nordover, dels med tvang, for å få ein lojal buffer mot tsar-Russland. Det var eit koloniseringsprosjekt, og nokre av kolonistane hamna i Ghowrmach.

Tok pashtunarane først

Køyreturen frå Maimana til Ghowrmach er nok til å forstå at her er det kamp for å overleve. Det er berre nå, nokre veker på våren, at dei snaue åsane er grøne. Snart vil sola svi dei brune. Folket her er bønder, dei driv med geiter, sauer og dyrkar pistasjnøtter. Den som greier å sikre seg beitemark og vatn, eller kontroll over smuglarrutene, har også makt.

Kongen i Kabul favoriserte sine eigne, noko usbekarar og tadsjikar - som hadde budd i området lenge - fekk lide under.

Heller ikkje pashtunarane imellom var det fred. Kolonistane kom frå ulike pashtunske stammer og klanar som kniva om ressursane, gjerne med våpen- makt.

Då Sovjetunionen invaderte i 1979, var det tadsjikar og usbekarar som leia den væpna motstanden i nord. Men det var ikkje kommunistane dei tok først: Oppstanden var først retta mot pashtunarane.

- Ikkje enkelt å vite

Etter at Sovjetunionen hadde gitt opp, braut det ut full borgarkrig. Den vann til slutt Taliban. Dei var ei pashtunsk rørsle, og bordet var dermed snudd: Usbekiske og tadsjikiske heimar i Faryab og Badghis vart plyndra, bøndene jaga og land gitt til pashtunarane.

Høvet til å hemne uretten kom med den amerikanske invasjonen. 10.000 pashtunske familiar flykta frå Faryab det første året etter 2001.

Også lenger nordaust, i Jalaierdalen, er det fattige pashtunske lommer og landsbyar som blir ridd av nabostridar. Også her blir norske styrkar skote på regelmessig.

— Det blir gjerne gale uansett. Det er ikkje enkelt å vite kva vi bør gjere, seier den norske offiseren som er med BT på ei fotpatrulje under ei steikjande afghansk sol.

Han har prøvd å forklare litt om dei lokale maktforholda; om krigsherrar og sterke menn. Somme av desse seier dei vil spele på lag med nordmennene. Men kva er motivet? Handlar det mest om å sikre seg kontroll, og eit håp om at ISAF lar seg bruke som nyttige idiotar?

Og kva tenkjer eigentleg dei som bur i Ghowrmach?

Distriktsguvernøren i Ghowrmach har pakka saman og reist. Han vågar ikkje lenger bu her.

Det er ikkje mange kilometrane frå militærbasen ned til dei solsvidde leirhusa i basaren i Ghowrmach. Å kome seg dit er verre. Det planlagde besøket lar seg ikkje gjennomføre i dag, skytinga dei siste timane set ein stoppar for alle planar om utflukter.

Intervjuet BT prøver å få med distriktsguvernør Qari Davlat i Ghowrmach blir det heller ingenting av. Han er utanbys, og har sidan sagt opp stillinga si og flytta. Han frykta både for sitt eige og familiens liv, og våga ikkje lenger bu i landsbyen sin.

Noko av grunnen til oppseiinga er kanskje også å finne i notatet frå ambassaden i Kabul:

«Davlat og nåværende shura har (...) ingen støtte fra provinsmyndighetene. De får ikke overført penger og ifølge Davlat har han heller ikke fått utbetalt sine lønninger», heiter det der. Distriktsguvernøren får elles attest som «nytenkende og innstilt på å oppnå sikkerhet i området gjennom utvikling».

Rammar helse og skule

BT får opplyst frå vestlege kjelder at dei manglande pengeoverføringane har ramma både helsestell og skulevesen i Ghowrmach, som frå før er miserabelt: 80 prosent av folket i Faryab er analfabetar, truleg er talet enda høgare i underutvikla Ghowrmach.

Denne veka gjekk det frå vondt til verre. Den franske hjelpeorganisasjonen ACTED, dei einaste som har drive utviklingsarbeid i Ghowrmach dei siste par åra, la ned dei fleste aktivitetane sine. Dei fekk i fjor 7,2 millionar kroner til humanitært arbeid i distriktet frå UD, og har vore den viktigaste partnaren for Noreg i arbeidet med å skape framgang i området. ACTED har drive naudhjelp, bora brønnar og prøvd å hjelpe bøndene med vatn og reiskap. Organisasjonen har berre brukt lokalt tilsette - utlendingar kan ikkje arbeide her - men også for afghanarar er det nå vorte for farleg.

Kor mykje av motstanden som er styrt av Taliban, er uklart. Norske kjelder meiner dei slusar inn krigarar frå andre delar av landet, som blandar seg med dei lokale og utnyttar den lokale misnøya.

«....vanskelig å få oversikt»

— Og her sluttar vegen, seier major Ivar Naustvik (39). Vi har køyrt i høg fart på godt, fast dekke vestover frå Maiamana, og sett kinesiske og indiske vegarbeidarar i sving med å fullføre dei få bitane som framleis er grusveg. På denne sletta, seks-sju kilometer frå Ghowrmach, er det slutt. Ringvegen skal gå rundt heile landet og skape grunnlag for handel og utvikling, og er eit prestisjeprosjekt. Men frå her vi står må du 210 kilometer austover før du igjen finn asfalt. Det kinesiske selskapet som tok på seg å byggje strekninga, har gitt opp. Arbeidarar og ingeniørar vart kidnappa i stor stil, nå har selskapet trekt seg frå kontrakten.

Dei siste kilometrane inn i Ghowrmach går gjennom elveleie og på humpete grusvegar. Det er stilt i bilen, her er det enkelt å grave ned bomber. Vi er inne i det pashtunske beltet.

Landskapet er fredeleg og nesten folketomt. Men notatet frå ambassaden i Kabul beskriv eit kaos:

  • Etniske konfliktar med grannedistrikta.
  • Generell mistru mellom dei etniske gruppene.
  • Konfliktar både mellom dei ulike pashtunske klanane og internt i klanane.
  • Eit tjuetals aktive mullaar. n Bitter strid om posisjonen som distriktsguvernør.
  • Rundt 200 aktive opprørarar. Om dei interne konfliktane heiter det at «det er vanskelig å få oversikt over disse».

Turen attende til Maimana går utan dramatikk. Offiserane vi følgjer vil køyre medan det framleis er lyst. Menn med store skjegg og berrføtte småungar ser taust på oss når vi køyrer forbi.

Vi får gjort unna det farlege strekket langs grusvegane før mørket fell på.

Det er først etter nokre kilometer på den asfalterte vegen mot Maimana at ungane i vegkanten igjen byrjar å vinke.

DAGLEGDAGS: Granatar frå ein afghansk luftvernkanon slår ned i åssidene utanfor Ghowrmach, eit par kilometer unna den norske basen. FOTO: Håvard Bjelland