Diplomatar unngår Kabul
UD har store problem med å skaffe folk til ambassaden i Ka-bul. Terrorfaren gjer at norske diplomatar ikkje vil til Afghanistan.
Bilder
- Publisert: 16.des.2009 09:04
- Oppdatert: 16.des.2009 10:04
Bomba som drap åtte, og som slo inn vindauge og dører på den norske ambassaden i går, viste igjen at livet i den afghanske hovudstaden er farleg.
For den norske utanrikstenesta har dette lenge skapt problem: UD slit med å skaffe kvalifiserte diplomatar til ambassaden i Kabul.
Til sommaren skal seks av nordmennene i Kabul heim, etter to år ved stasjonen. Fire av desse har UD ennå ikkje greidd å finne erstattarar til, trass i at ei full utlysingsrunde er gjennomført.
– For tre av stillingane vil det bli ny utlysing. Den fjerde stillinga er vi inne i ein prosess med, seier avdelingsdirektør Lars Andersen i UDs rekrutteringsseksjon.
Stor ambassade
Afghanistan er høgt prioritert i norsk utanrikspolitikk. I tillegg til norsk
militær innsats, er landet i dag den største mottakaren av norske
bistandskroner.
Ei rekkje viktige arbeidsoppgåver er underlagt ambassaden:
Dialog med den afghanske regjeringa, som tek imot store delar av den norske pengestøtta.
Kontakt med ISAF-styrkane, der ca. 500 norske soldatar deltek.
Koordinering av sivile hjelpeprosjekt, ofte i regi av humanitære organisasjonar.
Samordning av norsk opplæring av afghansk politi.
Kontakt med USAs, EUs og FN-systemets folk i Kabul.
For å rekkje over alt dette er bemanninga auka kraftig dei siste åra. Det er i dag 16 norske stillingar ved ambassaden, i tillegg til 27 lokalt tilsette. Berre FN-delegasjonen i New York, EU-delegasjonen i Brussel og ambassaden i New Delhi er større.
Brev frå ambassadøren
- Vi har mange krevjande utanriksstasjonar, men ingen liknar Kabul.
Tysdagens angrep viser dette. Dei tilsette har ingen fridom til å bevege seg
rundt, og lever og arbeider på same stad. Det er definitivt den mest
krevjande stasjonen vi har, seier ekspedisjonssjef Aud Kolberg i UDs
avdeling for kompetanse og ressursar.
Problemet med å skaffe kvalifiserte folk har fått ambassadør Kåre R. Aas til å be departementet vurdere tiltak for å gjere stasjonen meir attraktiv. I november sendte han eit brev til UD med tittelen «Hvordan få nye medarbeidere til ambassaden».
Ei av stillingane som står utan erstattar, er den viktige jobben som ministerråd, som også er ambassadens nestsjef.
- Vi er absolutt kjent med at Kabul er ei stor utfordring. Slik har det vore lenge, seier Erling Rimestad, tillitsvald for UD-tilsette i Norsk Tjenestemannslag.
Måtte auke lønn
- Det har alt vore arbeidd mykje for å betre vilkåra, og for å gjere det trygt
å vere der. Vi føler at UD har tatt dette på alvor. Men det er også grenser
for kva UD har herredømme over. Det som hende tysdag illustrerer dette,
seier Rimestad.
I dag er fleirtalet av dei tilsette ved ambassaden rekruttert frå utanfor UD. Fleire er frå NORAD, universitetsmiljøa, forsvaret og politiet.
- Dels er dette fordi vi treng spesial-kompetanse, dels fordi vi har hatt problem med å finne folk internt, seier avdelingsdirektør Lars Andersen.
Det er ikkje første gongen at UD må revurdere vilkåra for å få dei rette folka til Kabul. Sist ambassadørstillinga var ledig, i 2008, fekk UD ingen søkjarar dei meinte var godt nok kvalifisert. Først etter at stillinga vart løfta over i statens leiarlønnssystem, som den gongen gjekk frå 650.000 kroner til litt over ein million kroner, fekk dei på plass Kåre R. Aas som ambassadør.
Søk i skattelistene Topplister
Bombe i Kabul
- Bomba tysdag gjekk av i Wazir Akbar Khan-distriktet i Kabul, der ei rekkje vestlege ambassadar er plassert. Området blir rekna som relativt trygt.
- Eit hotell brukt av mange utlendingar fekk store skader i eksplosjonen. Huset til den tidlegare afghanske visepresidenten Ahmad Zia Massoud ligg like ved, og kan ha vore målet.
- Angrepet kan også hengje saman med maktkampen som går føre seg i påvente av at president Hamid Karzai skal utnemne den nye regjeringa si.
3 mest leste artikler »
-
Redningen ble et barn med Downs syndrom
Nygift ble Kjersti Vambheim vitne til at mannen falt i fossen og døde. Fire måneder senere kom Haakan.
-
Trafikksyndere i fleng
Parkeringsplassen på Nøstet ble fylt opp av trafikksyndere da politiet aksjonerte i dag.
-
Sparer 350 tonn vann i døgnet
Marinebasen på Haakonsvern sparer 350.000 liter vann hver dag! Se hvordan.
Siste innenriks
-
- Flere bygninger truffet av ras
Et stort snøskred har gått i Sunndal.
-
Lover fire milliarder til rassikring
Regjeringen vil bruke en milliard kroner årlig på rassikring de neste fire årene, opplyser samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp).
-
Fleire søker Datatilsynet
Advokat og tidlegare kontorsjef i Datatilsynet, Eirik Djønne, har nå søkt jobben som sjef etter Georg Apenes.
På forsiden nå
- 14:39 Flere søker videregående
- 13:36 Nå skal våren hjelpes på vei!
- 13:32 - Flere bygninger truffet av ras
- 13:21 Ny trener for Vestkantsvømmerne
- 13:18 Vestkantsvømmerne har fått ny trener
- 12:56 Romøren med knallhopp
- 12:54 Kjempebot til TV 2 etter Julies ulykke
- 12:48 Mørk fremtid?
- 12:42 Svak norsk skiskyting
- 12:41 Ubåt funnet i Byfjorden


































































