Anders Bjørkelo Dr. philos, Historisk institutt, Universitetet i Bergen

KONFERANSEN varer i tre dagar og er organisert av Universitetet i Bergen gjennom Senter for Midtausten— og islamske studiar i samarbeid med Sudan Studies Association (SSA) og Sudan Studies Society of the United Kingdom (SSSUK).

Konferansen kjem på eit tidspunkt som både inviterer til å sjå tilbake og til å fokusere på notid og framtid. Sudan feirar i år femti år som sjølvstendig land. Samstundes feirar Sudan fredsavtalen som blei underskriven i 2005 og som avslutta ein borgarkrig som har prega det meste av Sudans femtiårige historie. Det er såleis naturleg at konferansens hovudtema er Sudan sin søking etter fred, stabilitet og identitet og at dei 120 foredraga på programmet i hovudsak vil dreie seg om slike spørsmål.

Konferansens store betydning er at det blir høve til å gjere opp status etter femti år og analysere viktige sider ved Sudan sin utvikling. For det andre vil sudanesiske akademikarar frå nord og sør og frå eksilmiljøa møtast til debatt saman med mange andre som forskar på Sudan rundt om i verda. Over 200 har meldt seg på konferansen.

LAT OSS SJÅ på nokre trekk ved Sudan sin problematiske utvikling som konferansen kjem til å fokusere på. Sudan har etter 1956 opplevd store politiske og økonomiske svingingar; landet har skifta mellom parlamentarisk styre og militærdiktatur og mellom store økonomiske forventningar og finansielle samanbrot. Mangelen på politisk stabilitet og semje om den politiske retninga for landet ligg under det vi må kalle den sudanesiske tragedien. Ikkje minst har borgarkrigen mellom nord og sør tappa landet for enorme ressursar som kunne ha gått til å byggje landet. Dei økonomiske, politiske og kulturelle skilnadene mellom nord og sør, som mange peikar på som viktige årsaker til krigen, har berre blitt verre med åra. Eit viktig stridsemne er spørsmålet om den sudanesiske nasjonale identiten. Utvikling av nasjonalkjensle og nasjonal identitet har vore problematisk i dei fleste nye statane i Afrika, skapt som dei er av europeiske kolonimakter. I Sudan er problemet forsterka ved at den nordsudanesiske arabisk-muslimske eliten allereie i kolonitida (1898-1956) utvikla ei oppfatning om at deira identitet måtte bli den naturlege identiteten som alle sudanesarar kunne adoptere eller i det minste akseptere som landets identitet. I deira definisjon er Sudan «arabisk» og «muslimsk», noko det er vanskeleg for mange sudanesarar med ein «afrikansk» identitet å akseptere.

BORGARKRIGEN som starta i 1955, var mellom anna ein kamp om retten til indre sjølvstyre i sør, noko som blei oppnådd i ein avtale i 1972, men som gradvis blei undergravd av Numayri sitt militærregime. Misnøya i sør kulminerte i 1983 då Numayri innførte islamsk lov, sharia, for heile landet og erklærte Sudan som ein islamsk stat. Dette historiske vendepunktet stadfesta, slik sørsudanesarane såg det, at den arabisk-islamske eliten i nord hadde til føremål/meining å omskape Sudan etter sine eigne ideal. Borgarkrigen blussa derfor opp att nettopp i 1983. Den sørlege motstanden som var leia av John Garang og Sudan Peoples Liberation Army/Movement, SPLA/M, kom derfor også i større grad til å dreie seg om å halde islamsk lov utanfor Sør-Sudan og å avgrense islamsk lov til å gjelde berre for muslimar. Dette religiøse aspektet ved borgarkrigen blei forsterka i 1989 då eit erklært islamistisk militærregime tok makta. Ikkje-muslimar frykta at dei i ein islamsk stat ikkje ville ha fulle sivile rettar og at dei kunne bli utsett for islamsk avstraffing. Den islamistiske vendinga kopla saman med tiår med økonomisk tilbakegang ute i distrikta også i nord førte til at konflikten nord-sør tydelegare blei ein sentrum-periferi konflikt. Konflikten mellom sentrum og Darfur i vest og Raudehavsregionen i aust, er gamle konfliktar som kom heilt i skuggen av nord-sør konflikten, men som no kjem fram i lyset etter fredsavtalen.

I EIN PERIODE etter 1989 gjekk opposisjonen i nord (som mista makta i 1989) og motstandsgrupper i vest og aust, saman med SPLA i sør for å kjempe mot militærregimet med det målet å fjerne det, men rundt tusenårsskiftet måtte partane erkjenne at krigen ikkje kunne vinnast på slagmarka. Den kosta rett og slett for mykje både i menneskeliv og i pengar. Etter kvart var partane modne for å gå inn i reelle forhandlingar, godt hjelpte av det internasjonale samfunnet, deriblant Noreg. Dessverre vart Darfur og andre perifere område i nord utelatt frå forhandlingane og dermed frå avtalen. I den langdryge fredsprosessen fekk det norske UD god hjelp av Sudan-kjennarar frå Universitetet i Bergen.

UiBs interesse for Sudan-forsking går langt tilbake. Professor Fredrik Barth kom til Bergen på 1960-talet for å grunnleggje Institutt for Sosialantropologi. Det som kanskje er mindre kjent er at han også stimulerte studentar til å ta opp forsking på Sudan og å gjere feltarbeid der. Frå antropologi spreidde Sudan-interessa seg først til arkeologi og historie og seinare til fleire andre fag. Den første som tok doktorgrad i antropologi i Bergen var ein sudanesar. Seinare har ei heil rekkje sudanesarar tatt

master- og doktorgrad i Bergen, særleg på 1980-talet og utover då vi fekk eit formelt samarbeid med Universitetet i Khartoum, med linkar til Nasjonalarkivet og Nasjonalmuseet. På den andre sida har mange studentar i Bergen gjort feltarbeid i Sudan og har oppnådd sine master- og doktorgrader på forsking på Sudan. Ein kan derfor hevde at forholdet mellom dei to universiteta var prega av gjensidig nytte i og med at samarbeidet bidro til forskning og kompetansebygging både i Bergen og i Khartoum. Forskingsrådet, NORAD og NUFU var viktige økonomiske bidragsytarar her.

I 1991 blei det formelle samarbeidet med Khartoum lagt på is av politiske grunnar, men pågåande prosjekt fekk halde fram til sluttføring i 1995 og sudanesiske studentar fekk fullføre sine grader. Likeeins har den personlege kontakten og til dels også samarbeidet mellom forskarar halde fram og studentar frå Bergen har reist på feltarbeid til Sudan heilt fram til i dag, om enn ikkje i same omfang som tidlegare. Sidan 1990 har UiB utnemnd to sudanesiske historikarar, professor Yusuf Fadl Hasan og Dr. Fadwa A. Taha som æresdoktorar og ein antropolog, professor Abdul Ghafar Ahmed, og direktøren på Nasjonalarkivet, Muhammad I. Abu Salim, som professor II. I

2004 blei professor Fredrik Barth utnemnd som æresdoktor ved Universitetet i Khartoum og for året 2006 er antropologen professor Leif Manger nominert som æresdoktor ved UiK.

Fredsavtalen har aktualisert eit ønskje om å ta opp att forskingssamarbeidet med Sudan. UD har sendt signal om at dei ønskjer at Bergen skal utvikle og presentere nye forskingsprosjekt i samarbeid med partnarar i Sudan. Denne gongen har fleire forskingsmiljø annonsert at dei vil vere med, ikkje berre ved UiB, men også ved andre norske universitet og høgskular. I Sudan er det fleire universitet som det siste året har sendt delegasjonar til Bergen, og delegasjonar herifrå har besøkt Sudan, td. Juba Universitetet, Ahfad Universitetet for Kvinner, og Raudehavsuniversitetet, i tillegg til Universitetet i Khartoum. Sudan-konferansen vil vere eit fint høve til å diskutere framtidige samarbeidsprosjekt på brei basis.

Reuters