Maria Lavik

I eit konferanserom i Francistown, Botswana sit eit trettitals personar. Praten går livleg på det felles stammespråket setswansk. Den muntre stemninga skjuler ei dyster sanning; statistisk sett har tolv av desse menneska AIDS. Slik er realiteten i Botswana. Trass økonomisk utvikling, politisk stabilitet og ein relativt høg levestandard, toppar landet AIDS-statistikken i verda, berre slått av Swaziland. Ein reknar med at opptil 40 prosent av innbyggarane på 1,8 millionar menneske er smitta av viruset. Alle dei som sit på hotellrommet denne desembermorgonen er tilsette i entreprenørfirmaet Lavik Consulting, leia av Anders Lavik. Han kjem frå Eksingedalen i Vaksdal Kommune, men har budd i Botswana sidan 1989. Firmaet opplevde å mista ein kollega i AIDS berre for eit par veker sidan. Han er ein av fleire.

— Eg har ikkje råd til å miste fleire av dykk. De er viktige for meg, både som arbeidskraft og som vener, seier Lavik til forsamlinga.

Spesiell juleavslutning

For å prøva å hindra fleire tragiske dødsfall, skipa firmaet til eit AIDS-seminar for dei tilsette, siste arbeidsdag før jul. Leiar for seminaret er Kennedy Fungwane og Victor Thanke. Dei representerer «Tebelopele» - ein frivillig organisasjon som arbeider aktivt i mot AIDS. Mange av spørsmåla dei må svara på er av teknisk art: korleis verkar medisinane og når bør ein byrja å ta dei. Andre spørsmål er meir konkret:

— Er det noko håp for å bli kurert for AIDS?

— Forskinga utviklar stadig betre medisinar, men nei, det finst i dag ingen kur AIDS, svarar Fungwane. Han legg til at medisinar kan hjelpe folk til å leva eit langt og godt liv.

Sterk internasjonal kritikk gjer at styresmaktene no byrjar å ta ansvar. Alle HIV-smitta får gratis ATV- medisinar som hindrar viruset å reprodusera seg sjølv. Dessutan får alle som går på ATV medisinar tilbod om ei «matpakke» - høgenergimat som skal gjera dei meir mottakelege for medisinen. I tillegg har anti-AIDS-kampanjer og utdeling av gratis kondomar vore verkemiddel for å prøva å få ned dødstala. Til ingen nytte, vil mange seia, for tala berre aukar. Eit problem er at få snakkar ope om sjukdommen. HIV viruset svekkjer immunforsvaret, men ein døyr aldri av sjukdommen åleine. Derfor står alltid andre dødsårsaker enn AIDS på dødsattesten, som hjartesvikt, lungebetennelse eller tuberkulose.

— Fornekting kjem i mange former. HIV stigmatiserer, mange trur at alle HIV-positive har eit utal seksualpartnarar, forklarer Fungwane.

Kaffi vert til blod

Etter spørsmålsseansen er det klart at dei som ønskjer det, skal få sjansen til å testa seg for HIV/AIDS. Femten minuttar er alt det tar, før ein får vite om ein kan gå jula lukkeleg i møte. Medan Fungwane og Thanke gjer klar utstyret til testinga, set me oss ut i desembersola. Det er sommar i Botswana. Seminaret har vore vellukka: det viser seg at alle dei tilsette ønskjer å testa seg. Men, testing åleine løyser ikkje problemet. C og utfordrar moderne AVR medisinar. Mange sverjar til såkalla «muti» - ein tradisjonell urtemikstur - for å lækja sjukdommen. Ein av dei tilsette fortel at årelating reinsar kroppen for «svart blod» - slik at ein vert frisk. For å kompensera for blodet ein misser, skal ein drikka kaffi.

— Kaffi vert til blod inne i kroppen, meiner han.

Fleire av dei tilsette som har døydd i AIDS dei siste åra har vore på ARV behandling. Av desse valde likevel mange å gå over til tradisjonell «muti», noko som fekk fatale konsekvensar.

Mange «girlfriends»

Anders Lavik snakkar ofte med arbeidarane sine om AIDS. Han peiker på ein inngrodd machokultur og patriarkalsk tradisjon som hovudårsak til den sterke voksteren av epidemien. Monogami er ikkje eit ideal i Botswana, ein mann kan ha både ei kone og fleire elskerinner.

— Ein mann sa til meg «ein har fleire kjærastar av same grunn som at ein har reservehjul til bilen. Punkterar det eine hjulet, må ein ha eit hjul i bakhand». Då svara eg at det er betre å ha lappesaker, så ein kan reparera hjulet. Det er jo mykje billigare. Det forstod mannen, smiler Lavik.

GRATIS: Sterk internasjonal kritikk gjer at styresmaktene no byrjar å ta ansvar. Alle hiv-smitta får gratis ATVmedisinarsom hindrar viruset å reprodusera seg sjølv.
MARIA LAVIK
40 PROSENT: Ein reknar med at opptil 40 prosent av innbyggarane på 1,8millionar i Botswana er smitta av viruset.
MARIA LAVIK
INFORMASJON: Lavik Consulting,leia av Anders Lavik fråEksingedalen, er ein viktig brikke iaids-kampen i Botswana.
MARIA LAVIK